Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Filmproduksjon

Fagstoff

Synstolking – å gjere film tilgjengeleg for alle

Ved hjelp av ei forteljarstemme som beskriv det visuelle, blir film meir tilgjengeleg for elevar med synsnedsetjingar.

Kva er synstolking?

Synstolking handlar om å setje ord på det visuelle. Det kan vere beskrivingar av kroppsspråk, omgivnader, handling eller uttrykk i ein film. Ei forteljarstemme beskriv det som skjer mellom replikkane – altså det visuelle innhaldet. Dette gjer det lettare for personar med synsnedsetjingar å danne seg eit fullstendig bilete av det som skjer. Målet med synstolkinga er å inkludere fleire og gi alle tilgang til den same informasjonen.

Kvifor synstolking?

For mange personar med synsnedsetjingar kan det vere utfordrande å følge med på ein film eller anna visuelt materiale. Synstolking gir auka forståing, tryggleik og høve til å delta på lik linje med andre, både fagleg og sosialt.

Når ein film som blir brukt i undervisning, er synstolka, får elevar med synsnedsetjingar med seg meir enn berre replikkane. Dei får innsikt i handlinga, stemninga og korleis karakterane oppfører seg. Det styrker opplevinga og læringsutbyttet.

Korleis bruke synstolking med NDLA film?

Eit utval av filmane på NDLA film er tilgjengelege med synstolking. For å få tilgang til synstolkinga kan du bruke appen MovieReading eller tilsvarande, som du kan laste ned gratis frå App Store eller Google Play.

Slik gjer du

  1. Last ned MovieReading-appen på mobil eller nettbrett.

  2. Søk opp filmen du vil sjå, i appen, og last ned synstolkinga.

  3. Start filmen på NDLA på ei anna eining, til dømes ein pc eller Mac.

  4. Start filmen i appen, og han synkroniserer automatisk med lyden frå filmen.

  5. Når du får beskjeden "Synkronisert", vil du høyre synstolkinga samtidig som filmen blir spelt.

Appen ber om tilgang til å bruke mikrofonen på mobilen/nettlesaren for å lytte til filmen og synkronisere lydsporet med synstolkinga. Det er viktig at lyden på filmen er høg nok. Du kan òg synkronisere manuelt dersom filmen til dømes blir pausa.

Kva filmar på NDLA film har synstolking?

Her er ei oversikt over filmane på NDLA film som har synstolking via MovieReading:

Skrive av Helene Retzius.
Sist oppdatert 05.06.2025