Skylappjenta som tverrfagleg ressurs - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Skylappjenta som tverrfagleg ressurs

Iram Haqs kortfilm Skylappjenta eignar seg godt som tverrfagleg ressurs i norsk, kommunikasjon og kultur, mediefag og samfunnsfag. Her følgjer ei oversikt over fag, trinn og læringsmål til oppgåvene du finn i læringsstien.

Norsk

I norskfaget opnar samtidsteksten Skylappjenta for å drøfte både kulturmøte og kulturkonfliktar i det norske samfunnet. Filmen tek utgangspunkt i eit kjent eventyr og kan bidra til at elevane lærer meir om eventyrsjangeren når dei skal jobbe med forteljemåtar i mytar og folkedikting.

Læringsmål: Vurder korleis filmskaparane har nytta dramaturgi som verkemiddel i filmen.

Kommunikasjon og kultur 1

Filmen opnar for interessante diskusjonar om utfordringar ved tverrkulturell kommunikasjon og identitet.

Læringsmål: Etter å ha sett Skylappjenta skal du kunne diskutere forholdet mellom kultur, individ og samfunn med utgangspunkt i filmen.

Medium og kommunikasjon Vg1

I medium og kommunikasjon er filmen interessant fordi han nyttar eit eventyr til å fortelje ei moderne historie. Filmen gir elevane høve til å lære meir om filmspråk, forteljeteknikk og dramaturgi som igjen kan vere nyttig i elevane sine eigne medieproduksjonar.

Læringsmål: Etter å ha sett filmen skal du skrive eit filmmanus.

Samfunnsfag Vg1

Skylappjenta viser både kulturmøte og kulturkonfliktar og seier noko om korleis det er å leve i eit fleirkulturelt samfunn.

Læringsmål: Bruk filmen som utgangspunkt til å diskutere utfordringar og moglegheiter i det fleirkulturelle Noreg.

Medie- og informasjonskunnskap Vg3

Skylappjenta framstiller karakterane på ein karikert og stereotyp måte. Det er viktig å kunne forholde seg kritisk til framstillingane i media sidan desse er med på å forme oppfatninga vår av minoritetsgrupper.

Læringsmål: Du skal beskrive korleis karakterane i filmen er framstilte, og vurdere kva filmatiske verkemiddel som er nytta i framstillinga.

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Skylappjenta

Kortfilmen Skylappjenta, ein moderne versjon av «Rødhette og ulven», er ein animasjonsfilm med ekte skodespelarar.

Skrive av Tina Andersson .
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017