Samiske fortellinger om RETT & URETT
Om filmen
I dokumentaren Samiske fortellinger om RETT & URETT følger vi Anne, Anna og Rolf frå Hamarøy gjennom åra 2018–2023. Dei kjempar for å vinne tilbake samisk verdigheit i eit samfunn prega av traume. Filmen gir eit sterkt innblikk i korleis historiske overgrep og dagens rettskampar pregar livet og identiteten til hovudpersonane, og han viser både krafta i fellesskapen og kva det kostar å kjempe.
Tematikken i filmen
Filmen tek for seg det komplekse etterspelet av fornorskinga i Noreg. Gjennom historiene til Anne, Anna og Rolf klargjer han spenninga mellom ulike verkelegheitsforståingar og løfter fram behovet for dialog, anerkjenning og forsoning. Visuelt kombinerer filmen nærgåande portrett med naturbilete som speglar bandet hovudpersonane har til det samiske landskapet.
Korleis filmen eignar seg i skulen
Denne filmen er eit godt utgangspunkt for samtalar om menneskerettar, særleg knytte til minoritetar, kulturforståing og etikk. Han eignar seg òg godt for å få elevane til å reflektere rundt rettferd og forsoning i eit moderne samfunn.