Fante-Anne (1920) - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

Fante-Anne (1920)

Filmen er den første som er basert på eit litterært førelegg – ei forteljing av Kristoffer Janson – og er den første filmen der alle dei berande rollene er besette av profesjonelle skodespelarar frå eitt av teatera i hovudstaden.

Bygdeskildringar

Filmen innleier bygdeskildringane i norsk filmhistorie, ein sjanger som kom til å prege heile mellomkrigstida, og som var inspirert av svenske suksessar som Synnøve Solbakken (John W Brunius, 1919) og Et farlig frieri (Rune Carlsten, 1919), begge baserte på Bjørnstjerne Bjørnsons bondeforteljingar.

Norsk natur blei utnytta som visuelt bakteppe og dramatisk kommentar og bidrog gjennom dette til å gi filmatiseringane ein nasjonal identitet.

Fante-Anne er filma i Vågå i Gudbrandsdalen og fortel historia om hittebarnet Anne som veks opp på storgarden Storlien.

Handling

Filmen viser Anne som barn i leik med sonen på garden, Haldor. Seinare som unge vaksne forelskar dei seg og skal etter alt å dømme gifte seg. Dette får Haldors mor til å reagere, og mens Anne er på setra overtaler ho Haldor til å gifte seg med den velståande dottera på nabogarden.

Når Anne får greie på dette, set ho fyr på huset som blir bygd til brurefolket. Idet ho rømmer frå staden, møter ho drengen på garden, Jon, som tidlegare har hatt eit godt auge til Anne, og til og med foreslått at dei to skulle gifte seg. Det endar til slutt med at Jon tek på seg skulda for brannen, slik at Anne kan gå fri. Jon må i fengsel, og offeret hans bidreg til at Anne saman med mora til Jon trufast hjelper han gjennom perioden han må sitje i fengsel.

Det siste biletet i filmen viser dei tre ombord i ein Amerikabåt, følgd av ein tekstplakat som fortel at dei tre "dreg over havet til det landet der kvar mann kan vere seg sjølv utan standsforskjell og fordommar".

Rasmus Breistein

Filmen fekk gode kritikkar og var debuten til Rasmus Breistein (1890–1976) som regissør. Breistein kom, saman med regissørane Leif Sinding og Tancred Ibsen, til å utgjere dei sentrale norske filmregissørane i mellomkrigstida.

Skrive av Olav Solum. Rettshavar: Store norske leksikon
Sist fagleg oppdatert 24.08.2020