24 uker (24 Wochen) - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

24 uker (24 Wochen)

Astrid er gravid og får vite at det er noko som ikkje stemmer med barnet i magen. 24 uker er eit gripande drama om eit av dei store og vanskelege dilemmaa ein kan møte på i livet.

Om filmen

Gravide Astrid er fornøgd med livet. På jobbfronten har det aldri gått betre, og ho trekker fulle hus som komikar kveld etter kveld.

Det går òg bra på privaten, og Astrid, mannen og dotter deira gler seg til å få eit nytt tilskot til familien.

Då paret får beskjed om at barnet i magen har Downs syndrom, blir livet snudd på hovudet.

Tematikk

Filmen tek opp tunge tema som seinabort og etikk. Kva gjer ein når ein får vite at barnet ein ventar, har både Downs syndrom og hjartefeil?

På eit menneskeleg plan får vi innblikk i den vanskelege debatten om seinabort, og korleis det å måtte ta eit slikt val pregar dei involverte.

Korleis filmen eignar seg i skulen

24 uker tek opp det evig aktuelle temaet abort og kan derfor passe inn i fleire fag på dei øvste klassetrinna.

Filmen passar spesielt godt inn i helse- og oppvekstfag og dessutan det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Filmen kan òg passe i tyskfaget.

Skrive av Anne Cathrine Andersson og Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 23.05.2024