1990–2000: Den nye norske filmbølgja - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

1990–2000: Den nye norske filmbølgja

Frå 1993 blei det snakka om ein kommande ny giv i norsk film blant utanlandske kritikarar og festivalleiarar. Samtidig hadde det skjedd ei stille, strukturell endring i støttesystemet for filmproduksjon.

Eggs (1995)

Endring i filmstøttesystemet

Statens filmproduksjonsutval var erstatta med ein filmkonsulent tilsett i Norsk filminstitutt. Denne konsulenten fekk vide fullmakter til å kunne utvikle og støtte langfilmproduksjon, slik Norsk Film A/S sin kunstneriske leiar hadde arbeidd sidan den repertoarfrie ramma blei etablert i 1973. Regissøren Oddvar Bull Tuhus blei instituttet sin første filmkonsulent, etterfølgt av produsenten Gunnar Svensrud.

I 1994 ble det oppretta ei ny offentleg filmfinansieringskjelde, Audiovisuelt produksjonsfond, framleis med bidrag frå staten og NRK, basert på det tidlegare Produksjonsfondet for kinofilm og fjernsyn, men no også med bidrag frå TV2.

Direktøren i fondet, produsenten Kirsten Bryhni, fekk dei same fullmaktene. Med Esben Høilund og seinare Tom Remlov i sjefsstolen på Norsk film A/S var 1990-talet tiåret der tre sterke personlegdommar hadde makta over norsk langfilmproduksjon. Denne finansielle triangelen var eit uttrykk for mangfald og kunstnerisk fokusering, men blei ikkje ein garanti for nasjonal publikumsoppslutning og popularitet.

Internasjonal suksess

I 1993 kom Erik Gustavsons Hamsun-filmatisering Telegrafisten. Den hadde internasjonal premiere i hovudkonkurransen på filmfestivalen i Berlin og viste at noko nytt var i emning. Internasjonalt fekk norsk film ei solid oppblomstring på 1990-talet med filmane til Marius Holst, Pål Sletaune, Bent Hamer og Jens Lien i Berlin og Cannes, og Oscar-nominasjonen av Berit Nesheim sin Søndagsengler (1986). I 1995 kom Bent Hamer med i Cannes-festivalens regissør-serie ”Quinzaine des Réalisateurs” med den underfundige fabelen sin Eggs.

Norwave

I 1997 oppstod omgrepet ”Norwave” i fagbladet Variety sine spalter under Cannes-festivalen, med referanse til den nye franske filmbølgja mot slutten av 1950-talet med yngre regissørar og skodespelarar. Omgrepet blei lansert etter at Pål Sletaunes Budbringeren og Erik Skjoldbjærgs Insomnia deltok i kritikarveka til festivalen, ”Semaine de la Critique”. Den internasjonale forankringa blei derfor sterkare enn på lenge.

Marius Holst beskriv denne nye given, den første moderne bølgja, i eit intervju med Peter Cowie i boka Straight from the Heart: ”In Norway during the 1970s there were too many films that were just pamphlets, and that failed to flesh out the characters. Such directors couldn’t care less if audiences failed to follow what they were watching. They were drawn to cinema for reasons of political commitment. Our generation is more attracted to movies by love of film language, finding new ways to express ideas about human relationships.”

Eit norsk filmfond

Kinobesøket på norske filmar i Noreg var likevel faretruande lågt mot slutten av 1990-talet, og Kulturdepartementet fann det nødvendig å gjere noko drastisk til beste for den norske filmen. Dette resulterte i gjennomgripande endringar i 2001, då midla frå dei tre institusjonene som gir løyving, blei samla i eit nytt norsk filmfond der siktemålet var å ha eit høgt produksjonsvolum, eit omfattande mangfald og ”ein overeinskomst med publikum”. Norsk Film A/S blei dermed lagt ned som statleg produksjonsselskap, men mykje av verksemda fortsette som eit studio- og etterarbeidsselskap under namnet Norsk Filmstudio A/S.

Skrive av Jan Erik Holst og Norsk filminstitutt. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 27.08.2020