Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Berekraftig energiproduksjon

Oppgåve
Video

Transporten i framtida – straum eller fossil?

Kva bør vi køyre i framtida – elbil eller fossilbil? I denne debatten ser vi på kva som er best for miljøet, økonomien og oss som brukarar. Kva transportform bør vi satse på vidare?

Mål for økta

  • forklare korleis ulike energikjelder blir brukte i transport, og beskrive konsekvensar for miljøet

  • få kunnskap om fordelar og ulemper ved elbilar og bensin-/dieselbilar

  • drøfte kva rolle teknologien har for å løyse klimautfordringar

  • kommunisere faglege argument munnleg og arbeid med kjeldekritikk og kritisk tenking

  • øve på å delta i ein strukturert debatt

Del 1. Førebuing til debatt (30 min)

For å skape ein god diskusjon må du tenke over korleis du bruker argumentasjon. Å argumentere betyr å bruke fakta for å forsvare og støtte meiningane dine.

Kva gjer eit argument godt?

Eit godt argument består som regel av tre delar:

påstand
det du meiner eller hevdar
Døme: "Alle elevar bør få gratis skulemat."
grunngiving
forklaringa på kvifor du meiner dette
Døme: "Det gjer at dei kan konsentrere seg betre i timane."
underbygging
døme, faktum eller statistikk som støttar grunngivinga
Døme: "Ei undersøking frå Helsedirektoratet viser at svoltne elevar presterer dårlegare på skulen."

I tillegg bør argumentet vere relevant, logisk samanhengande og truverdig. Det betyr at det må vere klart og tydeleg, henge godt saman og basere seg på pålitelege kjelder eller resonnement.

Oppgåve

Elevane blir delte inn i to grupper:

  • gruppe 1: forsvararar av elbilar

  • gruppe 2: forsvararar av bensin-/dieselbilar

Kvar gruppe bruker faktuma som er lista opp under, for å komme i gang. Ta utgangspunkt i informasjonen her og finn ut meir sjølve.

De skal førebu argument for sida de er på. Fokuser på

  • miljøpåverknad

  • økonomi

  • teknologi og praktiske utfordringar

  • sikkerheit og brukarvennlegheit

Tips: Bruk faktum og døme når de argumenterer for påstanden dykkar.

Korte faktum om elbilar

Teknologi

  • Blir drivne av ein elektrisk motor og får energi frå eit oppladbart batteri.

  • Batteripakkar kan variere i storleik, noko som påverkar rekkevidda (typisk 200–500 km per lading).

  • Krev ladestasjonar for å fylle på energi.

  • Færre bevegelege delar enn bensin-/dieselbilar gir mindre slitasje og behov for vedlikehald.

Materiale

  • Litium, kobolt, nikkel og grafitt blir brukt i batteri.

  • Aluminium og stål blir brukt i karosseri og rammer.

  • Kopar blir mykje brukt i leidningar og elektromotorar.

Miljøpåverknad

  • Null utslepp under køyring.

  • Produksjon av batteri har eit høgt CO2-avtrykk, men dette blir kompensert etter cirka 2–3 års bruk samanlikna med forbrenningsbilar.

  • Reduserer lokal luftforureining og støy.

  • Gruvedrift etter metall forureinar og skadar naturen.

  • Utvinning av batterimetall kan innebere barnearbeid og dårlege arbeidsforhold.

  • Resirkulering av batteri er ei utfordring, men teknologien blir stadig forbetra.

Kostnader

  • Høgare innkjøpspris, men lågare driftskostnader (straum er billigare enn bensin/diesel).

  • Mindre behov for vedlikehald (ingen oljeskift, færre bevegelege delar).

  • Tilgang til insentiv som redusert bomavgift, gratis parkering og lågare årsavgift.

Levetid og haldbarheit

  • Levetida til batteria er vanlegvis 8–15 år, men kapasiteten kan reduserast over tid.

  • Mindre mekanisk slitasje på motoren.

  • Ny teknologi gjer batteria stadig meir robuste og haldbare.

Praktisk bruk

  • Best for bykøyring og pendling.

  • Krev tilgang til ladestasjonar (heimelading er ein stor fordel).

  • Kan vere utfordrande på lange turar utan god ladeinfrastruktur.

Kjelder

Haug, T. (2025, 17. juli). Elbil gruser ladbar hybrid i ny studie. https://elbil.no/elbilene-blir-stadig-mer-klimavennlig/

Jolly, J. (2023, 23. desember). Do electric cars really produce fewer carbon emissions than petrol or diesel vehicles? The Guardian. https://www.theguardian.com/business/2023/dec/23/do-electric-cars-really-produce-fewer-carbon-emissions-than-petrol-or-diesel-vehicles

Miljødirektoratet. (2022, 18. januar). Klimagassutslipp fra elbiler. https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/klima/transport/klimagassutslipp-elbiler/

Nichols, D. (2025, 25. august). EV Battery Health and Lifespan: What You Need to Know. Greencars. https://www.greencars.com/greencars-101/battery-degradation-and-how-to-prevent-it

University of Nottingham Rights Lab. (2025, august). Blood batteries: The human rights and environmental impacts of cobalt mining in the Democratic Republic of the Congo [Rapport].https://www.nottingham.ac.uk/research/beacons-of-excellence/rights-lab/resources/reports-and-briefings/2025/august/blood-batteries.pdf

Korte faktum om bensin- og dieselbilar

Teknologi

  • Blir drivne av ein forbrenningsmotor som gjer om drivstoff (bensin eller diesel) til energi.

  • Blir tanka raskt på bensinstasjonar, med typisk rekkevidde på 500–1 000 km per tank.

  • Meir komplekse motorar med fleire bevegelege delar. Krev dermed meir vedlikehald enn elbilar (oljebyte, slitedelar og så vidare).

Materiale

  • Stål og aluminium er hovudmateriale i karosseri og motor.

  • Jern og plast blir brukt i motor, interiør og drivstoffsystem.

  • Kopar blir brukt i elektriske system.

Miljøpåverknad

  • Slepper ut CO2 og andre skadelege gassar under køyring.

  • Dieselbilar gir lågare CO2-utslepp enn bensinbilar, men slepper ut meir NOx (nitrogenoksid), som bidreg til lokal luftforureining.

  • Oljeutvinning kan føre til konfliktar og utnytting i enkelte land.

  • Bidreg til klimaendringar og global oppvarming.

Kostnader

  • Lågare innkjøpspris for brukte bilar samanlikna med elbilar.

  • Høgare drivstoffkostnader (avhengig av drivstoffprisar).

  • Fleire og meir tilgjengelege verkstader for reparasjonar.

Levetid og haldbarheit

  • Motorar kan ha lang levetid med rett vedlikehald (200 000–300 000 km eller meir).

  • Drivlinja og motoren kan bli kostbare å reparere etter mange år.

  • Tradisjonelt meir haldbare på lange turar og i kaldt klima, men dette er i ferd med å bli forandra for elbilar.

Praktisk bruk

  • Eignar seg godt for lange turar og stader med avgrensa ladeinfrastruktur.

  • Rask og enkel tanking overalt.

  • Betre eigna for tung last og trekkraft (spesielt dieselbilar).

Kjelder

Bjerke, J. I. (2025, 12. mars). Antyder at elbilene vil vare lenger enn fossilbilene. Elbil.no. https://elbil.no/tidsskriftet-nature-ny-studie-mener-at-tesla-varer-lengst/

Wikse, K. A. (2024, 26. november). Bilavgasser. I Store norske leksikon. https://snl.no/bilavgasser

Del 2. Strukturert debatt (30 min)

Opningsinnlegg

Ein representant frå kvar gruppe presenterer hovudargumentet sitt (2 minutt kvar).

Diskusjon

  • Gruppene utfordrar kvarandre med argument og motargument.

  • Læraren fungerer som ordstyrar og sørger for at begge partar, og flest mogleg av elevane, får taletid.

Oppsummering av argument

Læraren oppsummerer dei viktigaste argumenta og motargumenta slik at det blir tydeleg kva dei ulike gruppene meiner, før de avsluttar debatten.

Del 3. Framtidsretta oppsummering (5 min)

I 2016 vedtok Stortinget at innan 2025 skulle alle nye bilar som vart selde, vere nullutsleppsbilar. Norsk elbilforening har jobba målretta for å nå dette målet.

  1. Undersøk utviklinga av elbilsalet i Noreg frå tidleg 1900-tal og fram til i dag. Nådde vi 2025-målet?

  2. Diskuter påstanden: "Elbiler representerer meir enn berre eit transportmiddel."

  3. Korleis kan teknologiske framsteg påverke denne debatten om 10 år?

Tips: Avslutt gjerne med å vise episoden "Ebil" frå Folkeopplysningen.

Film: "Elbil" av Folkeopplysningen (5:10)

Skrive av Camilla Øvstebø.
Sist oppdatert 22.09.2025