Forsøk: Klarer du å yte ei hestekraft?

Kva er effekt?
Effekt fortel kor mykje energi som blir brukt eller overført per sekund. Jo høgare effekt, desto meir energi på kort tid. Derfor er effekt eit viktig mål på ytinga til mellom anna motorar, lyspærer og varmeomnar.
Tidlegare brukte ein eininga hestekrefter (hk). På slutten av 1700-talet ville James Watt finne ut kor mykje arbeid ein hest kunne gjere. Han rekna ut at ein hest klarte å løfte 75 kg éin meter opp på eit sekund. Dette svarer til:
Dermed vart 1 hestekraft definert som 735 watt. I dag bruker vi watt (W) og kilowatt (kW) som standard, men hestekrefter blir framleis ofte brukte om bilar og motorar.
Effekt i praksis
I praksis varier effekt med både bruksområde og behov. Sjå berre på desse døma:
Ein lettmotorsykkel kan ha eit slagvolum på 125 kubikkcentimeter (cm3) og ein effekt på 9 000 W. Dette svarer til cirka 12 hestekrefter (hk) fordi ei hestekraft er 735 W. Dette er nødvendig for å gi nok kraft til å akselerere raskt og oppnå høg fart.
Ei LED-lyspære på 7 W gir nok energi til å lyse opp eit rom, men effekten er svært liten samanlikna med ein motor.
Ei kokeplate har gjerne ein effekt på rundt 2 000 W (2 kW), noko som er mykje meir enn ei lyspære, men mykje mindre enn ein motorsykkel.
Men kva betyr det å vere effektiv?
Å vere effektiv handlar om å bruke minst mogleg energi, tid eller ressursar for å oppnå eit ønskt resultat. I tekniske samanhengar betyr dette å få mest mogleg arbeid utført med lågast mogleg energiforbruk.
Klarer du å yte ei hestekraft?
Diskuter i klassen
Kor mange hestekrefter trur de at de klarer å yte kvar for dykk?
Framgangsmåte
Bruk dokumentet og fyll inn målingar og berekningar.
- Innfylling hestekrefter(DOCX)
Oppsummering
Samanlikn resultata i klassen, og diskuter kva faktorar som påverkar effekt. Kvifor trur de det er vanlegare å bruke kW enn hestekrefter når vi angir effekt?
Rekneoppgåver
For å forstå korleis effekt blir brukt i ulike samanhengar, kan det vere nyttig å regne litt. Ohms lov () og effektformelen () er sentrale innan yrkesretninga elektroteknikk.
Oppgåve 1. Effekten til ein person som yter ei hestekraft
Ein person veg 70 kg og spring opp ei trapp på 3 meter på 2 sekund.
Berekn effekten til personen i watt.
Kor mange hestekrefter svarer dette til?
Oppgåve 2. Effekten til ein motor
Ein motor har ein effekt på 5 kW. Kor mange hestekrefter svarer dette til?
Oppgåve 3. Effekten til ei lyspære
Ei lyspære bruker 60 W. Kor mange slike lyspærer trengst for å få éi hestekraft?
Oppgåve 4. Ohms lov og effektformelen
Ein elektrisk motor blir driven med ei spenning på 230 V og trekker ein straum på 10 A. Kva er effekten til motoren? Bruk formelen P = U ⋅ I, der P er elektrisk effekt i watt, U er spenninga i volt, og I er strømstryken i ampere.