Forsøk: Bli kjend med ulike metall

Framgangsmåte
Undersøk dei ulike metalla. Bruk den vedlagde tabellen, og skriv inn det du finn ut undervegs.
Kva farge har metallet?
Observer fastleik ved å bøye på eller skjære/skrape i metallet. Kategoriser metallet som mjukt eller fast.
Rekn ut massetettleiken til dei ulike metalla. Start med å vege metallet for å finne massen. Deretter måler du metallprøven og reknar ut volumet av metallet. Rekn ut massetettleik ved å dele masse på volum:
Samanlikn verdiane for massetettleik som de har rekna ut, med verdiane i Verkstedhåndboka. "Grunnstoffenes tetthet og termiske egenskaper ved normalt trykk" i Verkstedhåndboka hos Nasjonalbiblioteket. Kan de finne ut kva metall de har fått delt ut? Det er ikkje sikkert verdiane de har rekna ut, stemmer med tabellen. Diskuter kva som kan vere årsakene til dette.
Samanlikn det de har funne ut, med fasiten til læraren.
Finn døme på ulike bruksområde for kvart metall, og fyll ut den siste kolonnen i skjemaet.
Spørsmål og vidare arbeid
Grunnleggande kunnskapar om metall
Kva er eit metall?
Kva for nokre generelle eigenskapar har metall?
Kva siktar ein til med fastleiken til materialet?
Kva blir desse metalla brukte til:
kopar
aluminium
magnesium
Nokre metall blir kalla tungmetall, kva er dette?
Legeringar og materialeigenskapar
Kva er ei legering?
Kva er forskjellen på jern og stål?
Korleis kan du forandre på materialeigenskapane til stål?
Kva for nokre ulike typar stål kjenner du til, og kva legeringselement inneheld desse?
Du skal lage ein ny badestige til båten din og treng eit sveisbart, rustfritt materiale. Kva slags materiale vel du? Grunngi svaret ditt.
Omarbeiding og HMS
Loddetinn kan brukast for å binde saman to eller fleire metalldelar. Finn fram eit tryggingsdatablad for loddetinn. Kva helse- og miljøfarar må du kjenne til i arbeid med dette materialet?
Forklar forskjellen på lodding og sveising.
Kva metall blir mest brukte til dreiing, sveising og lodding? Forklar korleis dette heng saman med eigenskapane til metalla.