Kva veit du om berekraftig mat?
Oppgåve 1. Ta stilling til påstandar
Oppgåve 2. Diskuter resultata
Kva påstand blei de mest overraska over? Forklar kvifor de blei overraska.
Oppgåve 3. Fleire påstandar om berekraftig mat
Finn truverdige kjelder som hjelper dykk med å ta stilling til påstandane under. I nokre tilfelle må de kanskje leggje bestemde premissar til grunn for å kunne konkludere. Det vil truleg vere forskjell på kor berekraftig sjømat i vill tilstand er, samanlikna med sjømat frå oppdrett.
«Sjømat er berekraftig mat!»
«Alle bør ete mindre kjøtt for å redde klimaet.»
«Det er betre å ete kvitt kjøtt enn raudt kjøtt.»
«Utan kjøtt får vi ikkje dei næringsstoffa vi treng.»
«Grønsaker inneheld stort sett karbohydrat og fiber.»
«Å dyrke grønsaker er berekraftig.»
Somme påstandar blir gjentekne så mange gonger, at dei etter kvart blir vedtekne sanningar. Har de døme på slike påstandar? Prøv å finne kjelder som støttar påstandane.