Vatn
Vassmolekylet er bygd opp av to hydrogenatom og eitt oksygenatom. Utåt har vassmolekylet ladningar som verkar på andre molekyl i nærleiken. Vi seier at vassmolekylet er polart.
Vanleg bordsalt (NaCl) består av positive natriumion og negative kloridion. Når salt blir blanda i vatn, vil vassmolekyla kunne trekke desse iona frå kvarandre og omringe dei. Vi seier at saltet har blitt løyst i vatn.
Eit polart stoff som vatn kan løyse opp andre polare stoff: Likt løyser likt. Vatn er derfor eit godt løysemiddel for andre polare stoff.
Utan vatn kan vi ikkje ta opp næringsstoffa frå maten, og vatn inngår i svært mange av funksjonane til kroppen, til dømes transport, fordøying og temperaturregulering.
Transport
Fordi vatn har evna til å løyse opp andre stoff, er det godt eigna til å transportere vassløyselege stoff som vitamin, protein, karbohydrat og (elektrolyttar) rundt om i kroppen. Vassløyselege avfallsstoff kan fjernast gjennom urin, som er vasshaldig.
Blodplasma er eit døme på ei vassløysning. I tillegg til vatn består blodplasma mellom anna av oppløyste protein, hormon og salt.
Vatn er eit kjølemiddel
Når kroppen blir varm, kan han bruke vatn som kjølemiddel. Når vi sveittar, piplar vatn ut gjennom porer i huda. Det trengst varme for å få sveitten til å fordampe. På denne måten får kroppen frigitt varme og opprettheld ein normal kroppstemperatur.
Væskebalanse
Kroppen mistar stadig vatn via urin og avføring, sveitte og pust. Vi må difor passe på å få i oss nok vatn. Anbefalt mengd vatn er 2–2,5 liter per dag, men væskebehovet varier med fysisk aktivitet, klima, kroppsstorleik og helsetilstand. Ved store væsketap, som ved diaré, oppkast og sterk sveitte, aukar væskebehovet.