The Evolution Lab
Sjølv eit heilt grunnleggande evolusjonstre, eller fylogenetisk tre, viser den evolusjonære utviklinga mellom ulike livsformer.
I simuleringane nedanfor skal du identifisere fellestrekk og forskjellar hos artar, slik at du kan organisere artane i evolusjonstre (fylogenetiske tre). Målet er at du skal forstå korleis evolusjonen har forma mangfaldet av liv på jorda.
Mens du jobbar med evolusjonstrea, kan du klikke på artane for å sjå få bilete av og nyttig informasjon om dei.
Sjå introduksjonsfilmen Training Trees hos NOVA LABS, som viser korleis du kan bruke simuleringane til å lære noko om evolusjon og fellestrekk hos ulike artar. Du kan setje på norske undertekstar ved å velje "Innstillinger" og deretter "Teksting", "Oversett automatisk" og "Norsk".
Via lenka nedanfor finn du tre simuleringar eller puslespel der du skal sortere artar etter slektskapsforhold. Du skal plassere eigenskapar og karaktertrekk inn i treet, slik at det stemmer med artane på den aktuelle greina på treet. Når alle prikkane øvst er fylte med farge, er treet godkjent, og du kan gå vidare til neste aktivitet.
Aktivitet 1: Er sopp mest i slekt med plantar eller dyr?
- Flytt palmetreet og gekkoen saman, slik at dei dannar eit tre.
- Plasser eigenskapen "celler med kjerne" der han høyrer heime i treet.
- Bruk forstørringsglaset for å sjekke eigenskapane til artane.
- Plasser dei siste kjenneteikna og den siste arten rett.
Aktivitet 2: Korleis er slektskapen mellom hund, slange, insekt og fisk?
Både synlege og skjulte trekk kan gi verdifulle opplysningar om felles opphav for ulike organismar. Finn fellestrekk, og bygg eit evolusjonstre med hund, slange, insekt og fisk.
Organismar med synlege fellestrekk som venger eller kroppsform kan gjennom evolusjonen ha utvikla store fysiologiske forskjellar som du ikkje kan sjå. Kva dyr i dette puslespelet har flest fellestrekk?
Aktivitet 3: Bygg eit evolusjonstre med frukt og grønsaker
Korleis er slektskapen mellom lauk, banan, reddik, sitron og tang?
Er ein banan nærare i slekt med sitron enn med lauk?
Bruk fossil, viktige spor vi finn i bergartar, for å få innsikt i livshistoria til planeten vår. Sjå introduksjonsfilmen Fossils: Rocking the Earth hos NOVA LABS før du gjer oppgåvene i simuleringane som du finn lenke til under filmen.
I dei neste tre oppgåvene skal du bygge evolusjonstre med både nolevande og utdøydde artar. Hugs at du kan ha stor nytte av forstørringsglaset – trykk på dei enkelte artane for å finne ut kva eigenskapar dei har.
Tre interaktivitetar frå The Evolution Lab: Bygg evolusjonstre med både utdøydde og nolevande artar
Aktivitet 1: Leit etter slektskap mellom dinosaurar og nolevande artar
Fullfør puslespelet og leit etter slektskap mellom ulike dinosaurar, urfugl, struts og hønsefugl.
Aktivitet 2: frå vatn til land – eit lite steg?
For omtrent 380 millionar år sidan kom dei første levande organismane opp frå vatnet og etablerte seg på land. Kva eigenskapar bidrog til å gjere dette viktige skiftet mogleg?
Aktivitet 3: Kva er opphavet til kvalane?
I dette puslespelet finn du mange karaktertrekk som du kanskje ikkje treng når du skal bygge evolusjonstreet.