Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Elleve kreative tips til framføringar

Her vil du få tips til små triks for å lage meir interessante framføringar.

Tips til presentasjonar

Sjå filmen (3:53):

Video: Kolbjørn Hoseth Larssen / CC BY-SA 4.0

Klassiske framføringar

Har du nokon gong brukt 90 minutt på å høyre andre i klassen halde foredrag? Kor mykje hugsar du eigentleg etter ein slik time? Ofte viser det seg at alle foredraga er veldig like: Elevane går opp framfor klassen, snakkar mens dei trykker seg framover på ein powerpoint og går ned igjen og set seg. Etter timen hugsar ingen nokon ting av det nokon har sagt.

Men det vere slik? Kva om læraren din hadde gjort det same? Haldt foredrag i 90 minutt utan å snakke med dykk? Årsaka til at så mange gjer det på denne måten, er nok at dei tenker at det er slik læraren vil ha det. Men læraren din vil nok aller helst at dei andre elevane i klassen lærer noko av foredraget ditt.

Kven er målgruppa?

Her vil du få ei innføring i korleis du kan gjere framføringar meir kreative og interessante. Ein god innfallsvinkel til foredrag er å tenke at dei andre elevane i klassen er målgruppa, ikkje læraren din.

Metode 1: Engasjer medelevane dine

Eit godt tips for å "vekke" dei andre i klassen og skape interesse for foredraget er å engasjere dei på ulike måtar. Dette kan vere både før, undervegs og etter framføringa.

Tips 1: Spel på førehandskunnskapane

Før du skal halde eit foredrag, spør medelevane dine om kva dei kan om emnet frå før. Skal du snakke om drivhuseffekten og berekraftige energikjelder, kan du spørje: "Kva for energikjelder trur de er gode for miljøet?" Skriv gjerne ned svar på tavla, så kan du vende tilbake til dei i foredraget.

Tips 2: Lag før- og etter-quiz

Skal du lage ein presentasjon som tek for seg mykje fakta, kan det vere ein god idé å starte med fem enkle faktaspørsmål for å vekke merksemda til medelevane. Kor mykje kan dei om emnet frå før? Så kan du fortelje dei at du køyrer same quizen når foredraget er slutt. Kanskje vankar det ein premie til vinnaren?

Tips 3: Lag undervegstestar

Testar er enkle og kjappe å gjennomføre. Viss foredraget ditt handlar om parti i Noreg, kan du legge inn testar undervegs. Det kan vere enkle spørsmål der elevane skal svare ja/nei på påstandar som "Framstegspartiet vil ha høge skattar". Medelevane dine vil garantert hugse Framstegspartiet sin skattepolitikk betre om dei må tenke gjennom spørsmålet på eiga hand, enn om du berre skulle sagt det som del av ein monolog.

Tips 4: Still spørsmål undervegs

I staden for å halde ein 15 minutt lang monolog, kan du stoppe opp innimellom med nokre spørsmål. Sjå for deg at du lyttar på ei framføring om samisk språk. Kva om du får spørsmålet "Veit de om alle samar snakkar eitt språk?" Då blir du tvinga til å tenke gjennom dette spørsmålet. Det er gode sjansar for at du vil hugse svaret langt betre enn om opplysninga berre kjem som ein del av ein større ordflaum.

Tips 5: Legg inn korte diskusjonsoppgåver

Det er ikkje sikkert du har all verdas tid på deg til å halde foredraget ditt, men prøv å legge inn ei kort diskusjonsoppgåve eller to for å aktivere medelevane. Viss du skal snakke om ulike forventningar og press ungdom opplever i kvardagen, kan du be dei andre i klassen bruke 30 sekund i par på å bestemme seg for kva dei meiner skaper mest press.

Dette er ein god metode til dømes like før du skal vise forsking eller statistikk. Kanskje meiningane til klassen samstemmer heilt med statistikken? Eller kanskje blir dei overraska over resultata du viser etter diskusjonsoppgåva?

Tips 6: Ha avstemmingar

I staden for diskusjonar kan du òg ha avstemmingar og vise resultatet framfor klassen. Du kan telje hender eller bruke digitale program, som til dømes mentimeter.com.

Tips 7: Legg inn rollespel

Om de er fleire som skal framføre i ei gruppe, er det å legge inn små rollespel interessante avbrekk for dei som høyrer på. Viss du presenterer ein roman, ei novelle eller eit drama, kan de til dømes framføre ein scene frå teksten og kommentere han etterpå. Om emnet er "For eller i mot vindmøller", går det òg an å lage korte scenar der konfliktlinjene blir framførte som eit rollespel. Det kan ofte vere enklare å forstå og hugse enn om du berre fortel om det dei ulike sidene er ueinige om.

Metode 2: Visualiser det du skal presentere

Har du nokon gong tenkt over at måten du held foredrag på, bør tilpassast det du skal snakke om? Av og til kan det vere tavla passar betre enn ein powerpoint. Eller kanskje det er lurare å bruke film eller ein modell?

Tips 8: Bruk illustrasjonar

Skal du halde eit foredrag om oppbygginga av ei celle? Unngå skrift, bruk ein illustrasjon i staden. Om du startar med eit stort illustrasjonbilete av ei celle, kan du trykke deg inn på dei ulike delane og vise nye illustrasjonar av dei mindre bestanddelane. Fortel om dette i staden for å ha mykje skrift på powerpointen.

Døme

Tips 9: Uthev delar av teksten med farge

Dette er ein fin metode om du skal analysere litteratur, vise nøkkelord eller fortelje om grammatiske fenomen. Du kan vise heile teksten til klassen under foredraget. Om du uthevar ord, til dømes ved å bruke ulike fargekodar, vil elevane sjå heilskapen betre enn om du tek vekk heile teksten.

Døme

Tips 10: Lag ei tids- eller hendingslinje

Tidslinjer illustrerer både samanhengar og utvikling godt. La tidslinja vere utgangspunktet for framføringa di. Du kan klikke deg inn på ulike moment du vil utdjupe, men vend heile tida tilbake til tidslinja, slik at medelevane dine ser utgangspunktet for foredraget.

Dette er også nyttig om du skal presentere romanar eller noveller i språkfag. Du kan erstatte årstala med litterære omgrep som "konflikt", "vendepunkt", "løysing" og så vidare.

Døme

Tips 11: Vis progresjonen din

Dette er kanskje ikkje eit kreativt tips, men eit tips som gjer det enklare for dei andre elevene å følge med på presentasjonen din. Lag ei "kapitteloversikt" som heile tida viser kor du er, og kor du skal, i løpet av presentasjonen.

Døme

Population 1700

  1. Waves of immigration

  2. Melting pot

  3. Salad bowl

  4. Norwegian immigrants

  5. Population today

  6. Conclusion

USA: A nation of immigrants

Kjelde

Nilsen, R. (1929). Hverdagen. Gyldendal Norsk Forlag.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 27.05.2026