Sertifisering i sikkerheit på naturfagrommet
Trinn 1. Sikkerheitsreglane på naturfagrommet
Bli kjent med sikkerheitsreglane
På dette trinnet skal du bli kjend med sikkerheitsreglane på naturfagrommet. Set deg inn i sikkerheitsreglane som du finn i dokumentet under.
Øv
Bruk oppgåvene under for å øve på sikkerheitsreglane.
Flytt orda til rett plass i sikkerheitsreglane.
Situasjonar på naturfagrommet
Du jobbar på naturfagrommet. Kva vil du gjere i desse situasjonen? Vel alternativa som stemmer.
Bli sertifiserte
Ta testen om sikkerheitsreglane på naturfagrommet. Viss du får 75 % rett eller meir, vil du få godkjent resultat til å bli sertifisert på dette nivået.
Trinn 2. Merking av kjemikal
Forstå kva faresymbol på emballasjen betyr
På dette trinnet skal du forstå kva faremerkinga på emballasjen til kjemikal betyr, og vise korleis du kan finne relevant informasjon på eit sikkerheitsdatablad.
Du kan forklare
kva fare står symbolet for
kort om faren
Du kan finne informasjon om kjemikal på det aktuelle sikkerheitsdatabladet ved å lese
faresetningar
sikkerheitssetningar
førstehjelpstiltak
Øv sjølv
Faresymbol
Kva betyr dei ulike faresymbola? Finn par.
Sikkerheitsdatablad
Kva kan du finne informasjon om på eit sikkerheitsdatablad? Flytt orda til dei rette boksane.
Bli kjend med sikkerheitsdatabladet
Klikk på punkta i sikkerheitsdatabladet under for å gjere deg kjend med kvar du finn den informasjonen du er på jakt etter.
Øv med tilfeldig utdelt kjemikal
Jobb saman. Ein av dykk får delt ut eit kjemikal. Partnaren stiller spørsmål med utgangspunkt i sjekklista under.
Bli sertifisert
Bruk sjekklista under når de gjennomfører sertifiseringa.
- Kjemikalsikkerheit(DOCX)
Trinn 3. Sikkerheitsutstyr og førstehjelp
Bli kjend med sikkerheitsutstyr og førstehjelp på naturfagrommet
Start med ein felles gjennomgang i klassen der de går gjennom sikkerheitsutstyret på naturfagrommet. Kvar finst det? Når skal det brukast? Korleis skal det brukast?
Aktuelle punkt:
rømmingsvegar
brannsløkkar
brannteppe
førstehjelpsutstyr
augeskyljeflaske
nøddusj
nødtoppar for elektrisitet
I tillegg kan de legge inn eit par døme på situasjonar som kan skje på eit naturfagrom. Vis og forklar kva ein gjer i desse situasjonane.
Døme på situasjonar:
syresøl på hud eller i auga
kuttskade i handa
brann i klede/hår
nokon svimar av
Øv saman
Etter felles gjennomgang kan to og to elevar øve saman. Bruk sjekklista under og øv og sjekk kvarandre. Når de føler at de er klare, ber de om å bli sertifiserte av læraren eller ein annan elev som allereie har fått godkjent dette trinnet.
Bli sertifisert
Bruk sjekklista under når de gjennomfører sertifiseringa.