Øvelse
Oppsummeringsoppgåver til Karbon
Desse oppgåvene tek deg gjennom hovudpunkta i emnet Karbon bygger opp verda.
Lag par ved å finne biletet og ordet som høyrer saman.
- Sjå deg rundt der du er no. Kva inneheld karbon? Er det noko som ikkje inneheld karbon?
- Kvifor finst karbon i så mange stoff og materiale?
- Gi døme på sambindingar som berre består av karbon.
- Forklar kva vi meiner med organiske stoff.
- Nokre karbonsambindingar blir rekna som uorganiske. Gi døme på slike samband.
- Kva meiner vi med havforsuring? Kva er problemet med denne prosessen?
- Kva er plast?
- Kva er ein polymer? Gi døme på både syntetiske og naturlege polymerar.
- Kva problem kan plast føre til?
- Kva er meint med mikroplast? Kvar kjem mikroplasten frå?
- Kva kjenneteiknar hydrokarbon? Gi døme.
Ta utgangspunkt i eit karbonatom i eit stivelsesmolekyl i eit dødt blad. Beskriv og forklar den vidare "reisa" for dette karbonatomet vidare i krinsløpet til karbonet.