Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Mat- og medisinplantar i Sápmi

Bær er dei viktigaste matplantane i nord, men før i tida vart mange fleire plantar brukte som mat og medisin. Her lærer du om nokre av desse plantane.

Lokale ressursar

Bærplukking er utbreidd i Sápmi og Noreg, men òg andre plantar blir brukte som mat og medisin. Før i tida var dette heilt nødvendig for å ha nok mat, og medisinar var ikkje lett tilgjengelege. Kunnskap om mat- og nytteplantar var viktig for å bli berga – på nordsamisk. I dagens samfunn er det òg ei auka forståing for det å bruke lokale ressursar, spesielt med tanke på berekraftig utvikling og matsikkerheit. Her kan du lese om molter og tre andre vanleg mat- og medisinplantar: kvann, engsyre og bjørk.

Molte

Molte (Rubus chamaemorus) er eit populært bærslag og blir ofte kalla for gullet til vidda. Det er først og fremst ein matplante som kan etast rå, som syltetøy og med krem. Visste du at molte er ei utmerkt kjelde til vitamin C? Før i tida vart molte brukt for å heile skjørbuk, sjølv om folk den gongen ikkje visste kva som forårsaka denne sjukdommen. Gjennom erfaring hadde folk funne ut at ein kan bruke molter til å behandle skjørbuk. I dag veit vi at skjørbuk kjem av mangel på vitamin C. Blant samar var ikkje skjørbuk så vanleg, og det kjem truleg av at dei åt mykje molter, og òg syreplantar (les meir om engsyre lenger nede på sida).

Eit anna stoff som molte innheld, er benzosyre. Det gjer at bæra held seg ei god stund utan å måtte bli tilarbeidd, på same måte som tyttebær, som òg inneheld mykje benzosyre.

Å plukke molter

Molte veks i myrar, kratt og bekke- og elvekantar. Ofte finst dei på palsar og tuer. Palser er store tuer med permafrost i kjernen, noko som betyr at kjernen er frosen heile året. Palser kunne derfor fungere som "kjøleskap" på sommaren.

Molteplanten er 10–20 cm høg, og blada er nyreforma. Kvar stengel får ein kvit blomster på sommaren. Hann- og hoblomstrane veks på separate plantar. Seinare på sommaren veks det bær på planten. Dei raude, harde bæra er umodne bær og blir kalla čurrot på nordsamisk. Når bæra modnast, får dei den lysare raudoransje fargen.

Kvann

Kvann (Angelica archangelica subsp. archangelica) er ein kjend matplante i nord. På nordsamisk blir han kalla både boska og olbmoborranrássi. Olbmoborranrássi kan bli sett om til "planten som blir eten av menneske". Kvann veks på fuktige stader, gjerne i bekke- og elvekantar. Han er ein toårig plante. Første året heiter han fádnu på nordsamisk. Då har han berre bladverk. Året etter heiter han boska. Dei mange namna på planten seier noko om betydninga han har hatt.

Unge stenglar av kvann kan etast rå, og dei må i så fall haustast tidleg på sommaren. Av stenglane til fádnu kan ein lage snacks, og ved kysten blir han òg kombinert med fisk. Det er òg mogleg å tørke han og koke han som te. Blomstrane til kvann vart tidlegare kokte, blanda med rein- eller geitemjølk og tørka. Dei vart tørka og lagra i nettmagen av rein. Før i tida vart kvann òg brukt som medisinplante, spesielt rota. Han vart brukt mot mange ulike plager, mellom anna mot mageproblem og for å betre blodsirkulasjonen.

NB! Viss du vil hauste kvann, må du vere sikker på at du har rett art. Det finst andre, liknande plantar som er giftige. Du må òg passe på å ikkje plukke for mykje for å bevare bestanden der du haustar.

Lag godteri av kvann

Del opp fingertjukke stenglar av førsteårsplanten i bitar på nokre centimeter. Kok i vatn til bitane er møre (omtrent ein time). Sil bort vatnet. Strø på mykje sukker og la det stå i eit døgn. Kok forsiktig i vatn til bitane får ein gjennomsiktig glans. Hell kokevatnet i ein eigen behaldar (det kan du bruke som sirup). Avkjøl stenglane du har kokt, og rull i sukker. La dei tørke på ei rist. Et som godteri.

Engsyre

Engsyre (Rumex acetosa), òg kalla matsyre/syregras, er ein vanleg plante i nord. Han veks på fuktige enger, åkerkantar, open skogmark og i bakkar i fjellet. Han har ein sur smak. Blada kan etast rå eller kokast til til dømes syregraut. Han inneheld mykje vitamin C og var ei viktig C-vitaminkjelde i gamle dagar. Vi får først og fremst vitamin C frå ferske plantar, og tidlegare då dette ikkje var tilgjengeleg året rundt, var det fare for å utvikle sjukdommen skjørbuk. Engsyre er òg brukt mot andre sjukdommar. Blada blir plukka tidleg på sommaren.

Ensyre inneheld mykje oksalsyre, som kan skade nyrene. Personar med nyresjukdom bør derfor ikkje ete ferske syreblad. Syra blir ofte eten med mjølk, fordi mjølka nøytraliserer ein del av oksalsyra.

Oppskrift på syregraut

  • 7 dl ferske blad som blir forvella og skorne i bitar

  • 6 dl vatn

  • sukker etter smak

  • minst 1,5 ms potetmjøl som blir rørte ut i litt kaldt vatn

Bland blad, sukker og det meste av vatnet. Kok opp og la det koke ei kort stund. Rør potemjølet ut i litt kaldt vatn, og tilset til grauten. Kok opp. Tilset meir potetmjøljamning dersom du vil ha ein tjukkare graut.

Server med sukker og mjølk.

Bjørk

Bjørk (Betula pubescens) blir brukt som fyringsved, sløydmateriale, lavvostenger, ris til underlag i lavvo, og bjørkenevra blir brukt til opptenning og i medisinsk bruk på fleire måtar. På sår brukte ein i gamle dagar å strø tørka og måla bjørkebork. Dette kunne mellom anna brukast til raude og såre barnerumper. Oske frå bjørk har vore brukt mot kløe og utslett.

Silkenevra frå bjørk kan brukast som plaster. Silkenever er det tynne laget mellom nevra og treet.

Ho blir lagd på det opne såret, som gror bra fordi silkenevra er steril. Bjørkenever inneheld eit betennelsesdempande verkestoff som heiter betulin, som har vist seg å ha fleire medisinske verknader. Mange stader i verda har bjørkenever blitt brukt mot til dømes vorter. Te av bjørkeblad vart tidlegare drukken mot giktplager og plager i urinvegane. Bjørk har, og har hatt, mange fleire bruksmåtar enn det som er nemnt her.

Te av bjørkeblad

Bjørkeblada blir hausta før dei er heilt utvaksne, og blir tørka. Lag te av 1–2 ms tørka blad og kokande vatn i ein kopp.

Diskuter

  • Kva for nokre lokale mat- og/eller medisinplantar kjenner de til?

  • Diskuter kvifor det er viktig å kjenne til og kunne nytte lokale mat- og medisinplantar.

Kjelder

Hjelmstad, R. (2012). Medisinplanter i Norge. Helsebringende vekster i naturen. Gyldendal.

Sárá, M. (2012). Luođu láhjit. Borramuš- ja dálkkasšattut. Davvi Girji.

Troms fylkeskommune, Universitet i Tromsø og Norsk leirskoleforening. (2010). "Samisk tradisjon – friluftsliv i praksis": Kurs og undervisningsopplegg for lærere. https://www.elevkanalen.no/mediabibliotek/diverse/Samisk%20tradisjon%20-%20friluftsliv%20i%20praksis%20-%20del%201.pdf/

Skrive av Kari Marlene Mulder.
Sist oppdatert 14.01.2025