Kvikksølv i fisk og skaldyr
Les desse sidene før du jobbar med oppgåvene: "Kvikksølv" hos Mattilsynet og "Metaller i mat" hos Folkehelseinstituttet.
Metylkvikksølv er ei form for kvikksølv der kvikksølvet er bunde til ei organisk gruppe som blir kalla metyl (-CH3). Fordi metyl inneheld karbon, er det eit organisk samband, og det blir derfor kalla organisk bunde kvikksølv. Kva er den høgaste tolerable grensa for vekevis inntak av metylkvikksølv per kilo kroppsvekt?
Nemn to fiskeslag som gravide og ammande bør unngå på grunn av høgt innhald av kvikksølv.
Forklar kvifor er vi spesielt opptekne av kvikksølv når det gjeld gravide og ammande.
Kvifor finn ein høgare nivå av metylkvikksølv i store og gamle rovfiskar samanlikna med andre fiskeslag?
Du fiskar ti åborar som kvar har ei våtvekt på 200 gram. Ein klassekamerat får éin åbor som har ei våtvekt på to kilogram. Alle fiskane er tekne i det same vatnet. Kva for ein av fangstane er tryggast å ete med tanke på innhald av miljøgifter?
Korleis kan mikroorganismar i jordsmonn og vatn bidra til auka risiko for kvikksølvforgifting?
Lag eit kosthaldsråd for inntak av fisk. Rådet skal bidra til å halde inntaket av kvikksølv så lågt som mogleg, samtidig som ein får i seg viktige næringsstoff frå fisk.
Vi finn informasjon om kvikksølvinnhaldet i fisk, krabbe og skaldyr på mange stader i Noreg i kartet Temakart for vannmiljø frå Miljødirektoratet.
Bruk kartet og informasjonen som ligg i det, til å undersøke situasjonen i nærleiken av heimstaden din eller ein annan stad du har tilknyting til.
Søk og vel den staden du vil undersøke nærare.

Vel "Vis" ved "Faktaark".

Finn kvikksølv i oversikta og vel "Vis detaljar". Ver merksam på at det ikkje nødvendigvis finst kvikksølvmålingar på alle lokalitetar.

4. Vel ein art og nokre lokalitetar. Presenter observasjonane i ei grafisk framstilling. Kommenter likskapar og forskjellar, og prøv å finne forklaringar på desse. Finn du lokalitetar der grenseverdiane er overskridne? Kvifor er det kvikksølv i fiskevatn langt oppå fjellet?