Kva avgjer kor skadeleg stråling er?

Dei tre viktigaste faktorane
Dei tre viktigaste faktorane som har noko å seie for effekten av strålinga, er
- kor mykje energi det er i strålinga
- korleis energien blir avsett i cellene
- kva celler, organ eller kroppsdelar som blir utsette for strålinga
Kor mykje energi det er i strålinga
Kva effekt stråling har på biologisk materiale, er naturleg nok avhengig av kor mykje energi som blir motteken.
Denne storleiken blir oppgitt i joule per kilo og har fått eininga gray, Gy. Dette er ein reint fysisk storleik som ikkje tek omsyn til kvar strålinga har treft eller kva konsekvensar ho kan gi. Her skil ein ikkje mellom ulike strålingstypar og kva celletypar eller område av kroppen som blir treft.
Døme på stråledose

Ein person på 70 kilo som får tilført totalt 140 joule strålingsenergi jamt fordelt i heile kroppen, vil få ein dose på 2 gray:
Korleis energien blir avsett i cellene
Ulike stråletypar har ulik gjennomtrengingsevne. Dette heng tett saman med måten energien i strålinga blir overført på. Nedanfor ser du ein figur som viser forskjellen på gjennomtrengingsevna til gammastråling (til venstre) og alfastråling (til høgre).
Alfapartiklane er store og kolliderer med alt dei møter av atom og molekyl. Alle desse blir ioniserte, og vi får ei stripe der alle partiklane er ioniserte. Gammastrålinga spreier energien sin meir utover, og dermed får vi ikkje den tette førekomsten av ioniserte partiklar.
Kroppen har faktisk veldig gode mekanismar for å reparere småskadar som ioniserte partiklar forårsakar rundt omkring. Men viss konsentrasjonen av desse partiklane blir for stor, greier ikkje kroppen å reparere skadane som oppstår, og vi får merkbare helseeffektar. Derfor vil alfastråling som kjem inn i kroppen, gjere mykje større skade enn ein like stor dose gammastråling.
Sievert
For å ta omsyn til at ulike stråletypar gir ulik skade, har ein innført storleiken sievert (Sv). Her har stråletypane ulik vekt: Gamma- og betastråling har vekt lik 1, mens alfastråling har vekt lik 20. Det vil seie at alfastråling er vurdert til å gjere 20 gonger meir skade om ho kjem inn i kroppen.
Kva delar av kroppen blir utsette for strålinga?
Kroppen består av mange ulike organ og celletypar. Det varierer kor lett dei blir skadde av stråling, og i tillegg er konsekvensen av skadane ulikt. Derfor blir det i tillegg berekna ein effektiv dose som seier noko om kor stor skadeverknaden av strålinga kan bli. Her blir organa vekta ulikt.
Kjønnskjertlane blir lettast skadd. Skade der gir i tillegg store konsekvensar fordi gena som inneheld oppskrifta for alt som skal byggast i kroppen, kan bli endra. Stråling som treffer kjønnskjertlane, tel derfor mest når den effektive dosen blir berekna.
Kor mykje stråling får vi i Noreg?
Ifølge Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit får ein person i Noreg gjennomsnittleg omtrent 5 mSv (millisivert) per år. Denne strålinga kjem frå mange ulike kjelder. Figuren viser korleis dei fordeler seg i gjennomsnitt.
Bakgrunnsstråling
Bakgrunnsstråling er den strålinga vi heile tida blir utsette for i omgivnadene våre. Noko av bakgrunnsstrålinga kjem frå verdsrommet som kosmisk stråling etter Big Bang, mens noko kjem frå berggrunnen, lufta og maten vi et.
Det er viktig å hugse at bakgrunnsstrålinga er ein del av det naturlege livsmiljøet vårt, som vi er tilpassa til gjennom evolusjonen.
Relatert innhald
Nettside hos dsa.no
Radon er ein usynleg og radioaktiv gass som siv opp frå berggrunnen. Undersøk førekomsten av radon der du bur.