Ionebinding

Danning av ion
Ionesambindingar er stoff der atoma blir haldne saman av ionebindingar, og slike sambindingar blir ofte kalla salt. Eit døme på korleis ion kan dannast, er når metallet natrium reagerer med ikkje-metallet klor. Natrium frå seg eitt elektron og blir eit positivt ion (Na⁺), medan klor tek imot elektronet og blir eit negativt ion (Cl). Det er tiltrekkinga mellom dei motsett ladde iona som utgjer ionebindinga.
Ionegitter

Positive og negative ion tiltrekker seg kvarandre og dannar store nettverk kalla ionegitter.
Tiltrekkingskreftene i desse gittera er svært sterke sidan kvart ion bind seg til fleire ion i ulike retningar. Derfor blir ionebinding rekna som ei av dei sterkaste kjemiske bindingane.
Ordet "salt" blir brukt i naturfag i ei vidare betydning enn i daglegtale. Vanlegvis meiner vi bordsalt (NaCl) når vi seier "salt", men i naturfag blir omgrepet brukt om alle sambindingar der ionebinding held atoma saman.
Eigenskapar til salt
Fordi salt er bygde opp av sterke ionebindingar i eit ionegitter, får dei nokre typiske eigenskapar.
Dei er sprø
Ionegitteret er sterkt, men ikkje fleksibelt. Viss laga blir skyvde i forhold til kvarandre, vil ion med same ladning hamne ovanfor kvarandre og fråstøyte kvarandre. Derfor er salt sprø, og dei sprekk lett.
Dei har høgt smeltepunkt og kokepunkt
Det krevst òg mykje energi for å bryte opp ionebindingar, noko som forklarer at salt har høgt smeltepunkt og kokepunkt.
Dei kan leie straum
I fast form er iona låste i ionegitteret, og dei leier straum dårleg. Men viss saltet blir løyst opp i vatn, blir iona frigjorde, og dei kan leie straum godt.

Oppgåver
Vel rett alternativ.