Oppgave
Kor viktige er miljøgiftene?
Miljøgifter kan gi skadar på helse og miljø. Finst det likevel situasjonar og produkt der det kan forsvarast å bruke miljøgifter?

Nokre typar skismurning inneheld fluorsambindingar. Det er viktig med godt feste og god glid, men er det så viktig at vi vil risikere skade på miljøet og organismar som lever der?
Vurder dei positive og negative eigenskapane til miljøgiftene opp mot kvarandre:
- Lag ei rangert liste der du set den miljøgifta som har størst nytte vurdert opp mot skadane ho kan forårsake. Bruk dra-og-slepp-boksen under.
Tips: Du kan lese meir om dei ulike miljøgiftene viss du klikkar på "Ressursar" oppe til høgre i boksen. - Diskuter: Er det greitt å bruke miljøgifter i nokon tilfelle? I kva tilfelle er det, i så fall? Forklar.
Miljødirektoratet. (2019). Prioriterte miljøgifter. Henta 21. januar 2020 frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/miljogifter/prioriterte-miljogifter/
Statens legemiddelverk. (2016, 23. juni). Tiomersal i vaksiner. Henta frå https://www.legemiddelverket.no/nyheter/tiomersal-i-vaksiner