Kva er kjemiske bindingar? - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er kjemiske bindingar?

Kjemiske bindingar er tiltrekkande krefter mellom atom, ion og molekyl.

Kjemiske bindingar

Kjemiske bindingar er dei kreftene som held atom, ion og molekyl saman. Kreftene oppstår når motsette ladningar blir tiltrekte av kvarandre. Dette gjer at grunnstoffa kan kombinerast på mange ulike måtar og gi oss ulike samband som vatn, DNA, enzym, plast, karbondioksid og mange millionar andre.

Sterke bindingar

Bindingane mellom atom eller ion er sterke bindingar. Vi deler dei inn i tre typar:

  • ionebinding

  • elektronparbinding

  • metallbinding

Når metall gir frå seg elektron til ikkje-metall, blir det danna ionebindingar. Stoffa blir ion, og dei motsette ladningane blir tiltrekte av kvarandre. Eitt døme er natriumklorid, der positive natriumion og negative kloridion blir haldne saman på grunn av dei tiltrekkande kreftene mellom dei motsette ladningane.

Elektronparbinding oppstår når to ikkje-metall deler på elektron, slik som i hydrogenmolekylet. Viss atoma deler likt på elektrona, får ikkje sambandet ein ladning utover. Då blir sambandet upolart, slik som i oksygenmolekylet. Viss eit av atoma trekker meir på elektrona, blir sambandet polart, slik som er tilfellet i vassmolekylet.

Metallbindingar finn vi i metall, der positive metallion blir tiltrekte av ei elektronsky som er felles for alle metalliona.

Svake bindingar

Krefter som verkar mellom molekyl, er svakare enn krefter som verkar internt i molekyl. Vi kallar desse bindingane for svake bindingar. Desse bindingane er avgjerande for eigenskapane til stoff, slik som om dei er i fast eller flytande form eller i gassform. Bindingane mellom vassmolekyl blir kalla hydrogenbindingar og er eit døme på slike svake bindingar.

Relatert innhald

Fagstoff
Ionebinding og metallbinding

Atomer bind seg saman på grunn av tiltrekkjande krefter mellom positive atomkjernar og negative elektron.

Fagstoff
Kovalent binding

I ei kovalent binding (elektronparbinding) deler atom på eitt eller fleire elektronpar.

Kjelder

Eikeseth, U. (2022, 31. mars). Kjemisk binding. I Store norske leksikon. https://snl.no/kjemisk_binding

Ystenes, M. (2019, 1. september). Metallbinding. I Store norske leksikon. https://snl.no/metallbinding

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2023