Forsøk: Løyselegheit - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Løyselegheit

Undersøk kor lett ulike stoff løyser seg i to ulike løysemiddel. Kva betyr det eigentleg at "likt løyser likt"?

Føremål

Føremålet med forsøket er å undersøke løyselegheita til nokre stoff i ulike løysemiddel.

Framgangsmåte

  1. Tilset litt vatn til eit reagensglas og litt isopropanol til eit anna reagensglas.

  2. Tilset nokre saltkorn i kvart av glasa.

  3. Røyr med ein rørepinne, og observer kva som skjer med saltkorna.

  4. Gjenta trinn 1 til 3, men byt ut saltet med andre faste stoff, som til dømes sukker og små bitar av stearin.

Resultat

Observer kva som skjer, og skriv inn resultata i ein tabell som den under.

Registreringsskjema

Namn

vatn som løysemiddel

isopropanol som løysemiddel

bordsalt

stearin

sukker

Diskusjon

  1. Forklar kvifor nokre stoff løyser seg i vatn, mens andre løyser seg i isopropanol.

  2. Korleis kan dette eksperimentet brukast til å forklare prinsippet om at "likt løyser likt"?

  3. Korleis kan du bruke denne informasjonen i kvardagen?

  4. Kva kan du gjere for å få vassløyselege stoff til å løyse seg i feittløyselege stoff?

Relatert innhald

Fagstoff
Vatn

Vatn speler ei viktig rolle i svært mange av funksjonane til kroppen, som opptak av næring, transport, fordøying og temperaturregulering.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2024