Forsøk: Bygg din eigen konduktivitetsmålar - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Bygg din eigen konduktivitetsmålar

Legg ein plan, finn ut kva du treng for å måle leiingsevna til ei sambinding, og bygg din eigen konduktivitetsmålar.

Formål

Du skal lage ein konduktivitetsmålar som du skal bruke i eit forsøk seinare. Korleis vil du gå fram for å få til dette?

Forsøk å lage ein konduktivitetsmålar med utgangspunkt i prosessen du har sett saman over.

Ta vare på konduktivitetsmålaren til seinare bruk.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2019