Big Bang og utviklinga til universet

Oppgåver
- Forklar kva universet er.
- Kva førestiller du deg når du høyrer om Big Bang?
Var det noko før Big Bang, eller starta alt – inkludert tida – med Big Bang?
- Kva starta Big Bang, og korleis blei planetar og stjerner danna?
Kva teoriar finst om ein eventuell ytterkant, og kva som finst utanfor? Kor stort er universet?
Kan det finnast fleire univers? Kva taler for og imot denne moglegheita?
Kva observasjonar tyder på at Big Bang-teorien stemmer?
Det er tiltrekkingskrefter (gravitasjon) mellom all masse, og jo større massen er, desto sterkare er kreftene. Korleis kan det då ha seg at universet utvidar seg og akselererer?
Kva seier fysikken om korvidt masse kan oppstå frå ingenting?
Kva meiner forskarar når dei diskuterer moglegheita for liv på andre plantar? Kva føresetnader må vere til stades for at det skal finnast liv?
Finn ut kva teoriar som finst om framtida til universet.
Relatert innhald
Nettside hos kollokvium.wordpress.com
Nettside hos forskning.no