Forsøk: Lag majones
Undersøk stoffa som trengst for å lage majones og finn ut kva som skjer når stoffa blir blanda.
- Undersøk ingrediensane:
- Kva for ein (nokon) er løyseleg(e) i vatn?
- Kva for ein (nokon) er løyseleg(e) i feitt?
- Visp eggeplommene og saltet til det får ein lys, kremaktig konsistens.
- Tilset nokre få dropar kokande vatn under kraftig visping for at ikkje massen skal skilje seg.
- Spe sakte med olje og sitronsaft/eddik vekselvis, samtidig som du piskar kraftig. Dersom majonesen blir for tjukk, kan du spe med nokre dropar lunkent vatn.
- Smak til med sennep, salt, kvit pepar og eventuelt sitronsaft/eddik. Ser du at sausen begynner å bli”blank” langs kanten i vispebollen, er det eit teikn på at sausen er i ferd med å ”sprekke”. Tilsett då nokre dropar lunkent vatn mens du held fram med å piske.
Del 1. Olje og vatn
- Bland litt olje og vatn i eit begerglas. Kva oppdagar du?
- Då de laga majones, så blanda de òg olje og vatn. Samanlikn med det de observerte i punkt 1 over. Forklar.
Del 2. Emulgatorar
- Les teksten om emulgatorar i boksen over.
- Kva for ein av ingrediensane i majones verkar som ein emulgator, trur de?
- Kva døme på blandingar som er emulsjonar blir nemnde i teksten?
Finn oppskrifter (eller bruk innhaldslista på emballasjen) på nokon av desse emulsjonane.
Lag ein oversiktstabell der de sorterer ingrediensane etter om dei er vass- eller feittløyselege, eller om dei fungerer som emulgator i dei ulike matvarene.
matvare | vassløyselege ingrediensar | feittløyselege ingrediensar | emulgatorar |
---|---|---|---|
matvare1 |
| ||
matvare2 | |||
matvare3 |
Del 3. Diskuter e-stoffer
Somme emulgatorar blir oppgitte med e-nummeret sitt. Slike stoff kallar vi e-stoffer i daglegtalen. Diskuter påstanden: "E-stoffer er tilsetjingsstoff. Vi bør unngå slike stoff i maten."
Relatert innhald
Undersøk eigenskapar til vassløyselege og feittløyselege stoff, og finn ut kva eigenskapar ein emulgator har.
Skarstad, E. (2019, 29. januar). Emulgator. Henta frå https://snl.no/emulgator