Oppgåve
Interaktivt innhald
Tilleggsstoff
Simulering av bølgelengde og frekvens
I denne lyssimuleringa kan du justere bølgelengda til elektromagnetisk stråling og samtidig sjå korleis frekvensen endrar seg. Lampa lyser når innstillingane er innan det synlege spekteret. Formelen blir oppdatert når du stoppar glidaren. Bruk simuleringa til å løyse oppgåvene.
Oppgåve 1: Bølgelengde og frekvens
Flytt glidaren mot lengre bølgelengder og observer kva som skjer med frekvensen.
Aukar eller minkar frekvensen når bølgelengda blir lengre?
Korleis endrar frekvensen seg når bølgelengda blir kortare?
Beskriv samanhengen med eigne ord.
Oppgåve 2: Finn synleg lys
Undersøk når lampa lyser.
Kva for nokre omtrentlege bølgelengder gir synleg lys?
Kva fargar ser du ved dei kortaste bølgelengdene?
Kva fargar ser du ved dei lengste bølgelengdene?
Oppgåve 3: Samanlikn bølgelengder
Fyll ut tabellen.
Bølgelengde (nm) | Frekvens (Hz) |
|---|---|
| 450 | |
| 550 | |
| 650 |
Kva for ei av desse bølgelengdene har høgast frekvens?
Kva bølge har lågast frekvens?
Oppgåve 4: Bli kjend med formelen
I simuleringa bruker vi formelen
der
c = lysfarten
λ = bølgelengda
f = frekvensen
Vis at formelen kan skrivast som .
Kva er lysfarten?
Kva storleik må auke når den andre minkar?
Kvifor er det slik?