Nuclear Now - Naturfag (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Dokumentarfilm

Nuclear Now

Nuclear Now tek oss med inn i verda til kjernekrafta og viser korleis menneskja har nytta seg av den ekstreme krafta på både godt og vondt gjennom historia. Er det nettopp kjernekraft som kan vere svaret på klimakrisen?

Filmdetaljar

  • År: 2023

  • Varigheit: 1 time og 45 minutt

  • Regi: Oliver Stone

  • Manus: Oliver Stone og Joshua Goldstein

  • Medverkande: Oliver Stone, Hyman Rickover, John F. Kennedy, Rod Adams, Vladimir Asmolov, Caroline Cochran, Jacob DeWitte og Ashley Finan

  • Opphavsland: USA

Historia til kjernekrafta

Dokumentaren Nuclear Now frå Oliver Stone tek for seg historia om korleis menneska har brukt og bruker kjernekraft.

Sidan byrjinga av 1900-talet har menneska vore både fascinerte og skremde av denne eksplosive krafta, men etter hendinga som Tsjernobyl-ulykka har miljøorganisasjonar og andre oppfordra til at det skal bli slutt på av bruk av kjernekraft.

Svaret på klimakrisen?

Kva om kjernekraft kan vere svaret på klimakrisen vi no er inne i? Dette spørsmålet er hovudessensen i filmen.

Vi får innblikk i korleis nokre land har klart å erstatte store delar av fossilt brennstoff med kjernekraft for å generere elektrisitet.

Korleis filmen eignar seg i skulen

Filmen passar godt for bruk på ungdomstrinnet og vidaregåande skule.

Tematikken glir rett inn i naturfag, men òg det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling.

Relatert innhald

Skrive av Anne Cathrine Andersson og Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 11.04.2024