Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Medisinsk bruk av ioniserande stråling

Røntgenstråling er den vanlegaste bruken av ioniserande stråling. Det blir oftast brukt til å avbilde tette strukturar som knoklar eller tenner. Det har du sikkert erfart sjølv hos tannlegen, eller kanskje òg på sjukehus.
Denne e-forelesinga handlar om korleis ioniserande stråling verkar på helsa, og korleis strålinga blir brukt til røntgen, til behandling av kreft og i industri. Video: Reidar Kyllesdal / CC BY-SA 4.0

Diagnostikk

Ei meir avansert form for avbilding er CT (computertomografi). Der bruker ein vanlegvis røntgenstråling, men andre stråletypar kan òg vere aktuelle (til dømes positron i PET-skannarar).

Strålekjelda og detektoren roterer rundt pasienten slik at kvart einaste punkt i kroppen blir bestrålt frå fleire vinklar. Dette gir ei stor mengd informasjon, som ein datamaskin set saman til skarpe bilete. I ettertid kan ein velje ut kva snitt av personen ein ønskjer å sjå. CT-bilete har mykje betre skarpleik enn vanlege røntgenbilete, og i tillegg kan ein skilje ulike typar vev frå kvarandre.

Filmen under viser ei CT-avbilding av mageområdet til eit menneske. Den gule streken i biletet til høgre viser kva snitt som blir avbilda. Denne streken kan flyttast opp og ned når ein studerer resultatet frå CT-undersøkinga, og ein kan dermed få detaljerte bilete av akkurat det ein ønskjer.

Video: Mikael Häggström / Offentleg eige

Behandling

Ioniserande stråling har så høg energi at ho kan drepe celler. Dette blir utnytta i kreftbehandling. Utfordringa er å konsentrere strålinga sånn at minst mogleg friskt vev blir skadd. Derfor planlegg ein strålebehandlinga nøye ved å sende konsentrerte strålar frå ulike vinklar sånn at kreftsvulsten får ein mykje større dose enn vevet rundt.

Det er vanlegast å bruke beta- eller gammastråling i behandlinga. Men i den seinare tida er det utvikla nye metodar som bruker stråling med tyngre partiklar som til dømes proton. Protonstrålar går eit stykke (cirka 10 cm) uhindra inn i kroppen før dei brått mister all energien sin. Det betyr at strålinga kan konsentrerast endå meir, og vevet bak svulsten vil få minimalt med stråling.

Skrive av Astrid Johansen og Kristin Bøhle.
Sist oppdatert 04.06.2020