Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Kromosom, DNA og gen

Kromosoma i cellene våre inneheld DNA og gen som bestemmer mange av eigenskapane våre. Dei lagrar den genetiske informasjonen som blir overført frå foreldre til barn og styrer korleis cellene fungerer.

Kromosom

I kvar menneskecelle er det 46 kromosom. Kvart kromosom består av eit langt DNA-molekyl som er pakka tett saman med protein når cella skal dele seg, men er strekt ut når gena er aktive.

To og to kromosom har anlegg for dei same eigenskapane. Derfor har vi 23 kromosompar. I kvart par har du arva eitt kromosom frå mor og eitt frå far.

Det 23. kromosomparet er kjønnskromosoma, som bestemmer biologisk kjønn (XY hos gutar, og XX hos jenter).

Alle individ av same art har like mange kromosom, og mange av gena våre finst også hos andre artar. Mengda DNA og talet på kromosom avspeglar verken storleiken eller kompleksiteten til ein art.

DNA

DNA er bygd opp som ein taustige. Stigevangane blir danna av ein gjentakande sekvens av sukker og fosfat, mens trinna består av nitrogenbasane adenin (A), cytosin (C), tymin (T) og guanin (G).

Basane passar saman i par som blir haldne saman av hydrogenbindingar. Adenin bind seg berre til tymin, og guanin bind seg berre til cytosin. Desse basepara dannar sjølve trinna i stigen.

Gen

Eit gen er ein del av eit DNA-molekyl som inneheld genetisk informasjon. Denne informasjonen kan brukast til å lage protein som gir celler og organismar ulike eigenskapar. Langs kvart DNA-molekyl ligg mange gen etter kvarandre.

Rekkefølga på og utvalet av nitrogenbasane A, T, C og G i eit gen bestemmer kva aminosyrer som skal byggast inn i eit protein. Tre nitrogenbasar utgjer eit kodon som kodar for ei bestemd aminosyre. Dette kodesystemet er likt for alle organismar på jorda.

Gen som styrer dei same eigenskapane, har same plassering (locus) på dei to kromosoma i eit kromosompar.

Til dømes kan eit gen innehalde koden for augefarge, men genet på det eine kromosomet kan ha ein kode som gir brun augefarge, mens genet på det andre kromosomet kan ha ein kode som gir blå augefarge.

Genom

Det menneskelege arvematerialet (genomet) består av cirka 20 000 gen og cirka 3 milliardar basepar.

Sidan kvart individ arvar ein unik kombinasjon av genvariantar frå foreldra sine, har alle menneske ein unik DNA-sekvens. Det einaste unntaket er einegga tvillingar, som har identisk arvemateriale.

Relatert innhald

Skrive av Kristin Bøhle og Thomas Bedin.
Sist oppdatert 24.09.2026