Kven eig informasjonen i gena? - Naturfag (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kven eig informasjonen i gena?

Forskarar bruker mykje tid og ressursar på utvikling av ny teknologi, men kva får dei igjen for det? Kven eig den nye teknologien, og kan ein snakke om eigarskap til liv? Set deg inn i ulike problemstillingar knytte til forsking, gjer deg opp ei meining, og diskuter.

Den første menneskeskapte organismen

I 2010 framstilte Craig Venter og teamet hans den første menneskeskapte organismen ved hjelp av syntetisk biologi. Bakterien fekk namnet Synthia. Denne organismen blei laga ved at forskarar henta informasjon om baserekkjefølgja til Mycoplasma mycoides-bakterien, kopierte ho ved hjelp av datateknologi og laga ei syntetisk utgåve av arvestoffet til bakterien.

Del 1. Syntetisk biologi

  1. Syntetisk bioteknologi kan brukast til å skape nytt liv eller endre levande organismar. Finn ut meir om moglegheitene og utfordringane ved bruk av denne teknologien.
  2. Enkelte kritiserer forskarane for at dei leikar Gud, og mange er uroa for konsekvensane av å introdusere nye organismar i naturen. Kva meiner du? Er det riktig å skape nye livsformer?
  3. Syntetisk bioteknologi gir oss mange moglegheiter, men berre med eitt formål: å utføre oppgåver som er nyttige for menneske. Er dette etisk riktig?

Tips!

Etikk handlar om kva som er riktig og gale. For å vurdere om noko er etisk riktig, må du sjå på korleis det påverkar både deg sjølv, andre menneske, samfunnet og naturen samla sett.

Les gjerne artikkelen "Etikk avgrensar bioteknologi".

Del 2. Åndsverk og opphavsrett

Eit åndsverk er eit resultat av ei skapande verksemd. Det kan vere eit litterært, vitskapleg eller kunstnarisk verk. Set deg inn i åndsverklova på Lovdata ved å lese avsnittet "Kort om loven". Kva seier denne lova?

Bruk det du no har funne ut, til å diskutere desse spørsmåla vidare i grupper:

  • Kva betyr åndsverkslova for forsking? Bruk gjerne bioteknologi som utgangspunkt.
  • Kva rettar har ein forskar til eige vitskapleg arbeid?
  • Kva meiner vi med omgrepet opphavsrett? Korleis omfattar opphavsretten ny forsking?
  • Korleis kan vi opphavsrettsmerkje ein ny organisme eller eit enzym?

Del 3. Vassmerking

Vassmerking er ein gammal teknikk for å kvalitetssikre og sikkerheitsmerkje verdipapir som pass, frimerke, og pengesetlar. Eit vassmerke på papir kan til dømes vere eit mønster som blir synleg når ein held papiret opp mot lyset. Dette er ein gammal teknikk med røter tilbake til 1200-talet.

  1. Ut frå det du har lese om vassmerking på verdipapir, kva trur du ligg i omgrepet digital vassmerking?
  2. Kva er formålet med vassmerking? Når er det riktig å setje på eit vassmerke? Kva meiner du eit slikt vassmerke bør innehalde?
  3. Lag ei forklaring av omgrepet genetisk vassmerking.
  4. I tillegg til arvestoffet til Mycoplasma mycoides-bakterien la forskarane inn eit genetisk vassmerke på den syntetiske bakterien Synthia. Vassmerket er ifølgje forskaren sjølv, Dr. J. Craig Venter, lagt til for å få sikker identifisering av denne bakterien. Undersøk det genetiske vassmerket til Synthia (sjå tekstboksen nedanfor). Er du samd i argumentasjonen til Dr. J. Craig Venter? Grunngi!
Synthia sitt genetiske vassmerke

Det genetiske vassmerket til Synthia består av over 1000 basepar som ved hjelp av den genetiske koden kan omsetjast til:

  • 3 nettsider
  • 1 e-postadresse – bakterien si eiga e-postadresse
  • 3 sitat:

"To live, to err, to fall, to triumph, to recreate life out of life."

"What I cannot build, I cannot understand."

"See things not as they are, but as they might be."

Del 4. Lag ditt eige genetiske vassmerke

Lag ditt eige genetiske vassmerke. Skriv ned den informasjonen du vil at vassmerket ditt skal innehalde, i tekstformat. Lag eit program som omset teksten til kjemiske basar (A, T, C og G).

Ved hjelp av syntetisk biologi kan denne koden leggjast inn som ein del av arvestoffet til ein organisme.

Genetisk vassmerke

Sjå heile koden og resultat samtidig

I menyen til venstre kan du velje visning i fullbreidd viss du ønsker å sjå kode og resultat samtidig. Det same oppnår du ved å kopiere koden inn i eit Pythonprogram, som til dømes Spyder.

Klarer du å lage eit nytt program som fungerer motsett, og som dermed kan brukast til å dekode genetiske vassmerke? Bruk programmet til å avsløre det genetiske vassmerket til ein medelev.

Løysingsforslag for "Dekoding av genetiske vassmerke"

Del 5. DNA-basert lagring av informasjon

Viss vi kan skrive inn ønskt informasjon i arvestoffet til ein organisme, kan vi då også bruke DNA til lagring av informasjon? Undersøk moglegheitene for DNA-basert lagring.

  1. Korleis fungerer teknologien for DNA-basert lagring? Finn argument for og mot denne teknologien.
  2. Kva konsekvensar kan det ha for ein organisme at det blir lagt til nye basar i arvestoffet? Drøft ulike konsekvensar.
  3. Trur du dette kan bli framtida for lagring av informasjon? Grunngi svaret ditt.

Del 6. Patentering av og eigarskap til syntetisk liv?

Ved utvikling av nye tekniske produkt, metodar eller bruksområde for eksisterande teknologi kan utviklaren søkje om patent. Eit patent gir utviklaren einerett til å utnytte oppfinninga i eit gitt tidsrom. Finn ut kvifor det kan vere føremålstenleg for bioteknologar å søkje om patent.

Bruk det du no har funne ut, til å diskutere desse spørsmåla vidare i grupper:

  • Kvar får forskarar inntekta si frå?
  • Er det greitt at nokon får rettane til byggjesteinar som naturen har brukt 3,5 millionar år på å utvikle?
  • Kan dette vere med på å tingleggjere synet på liv og undergrave respekten for naturen sin eigenverdi?
  • Kan nokon eige ei etterlikning av naturen?

Fordjupingsoppgåve

Skriv eit lesarinnlegg om eigarskap til liv og om dei nye moglegheitene som syntetisk biologi gir oss.

  • Kva eigenskapar ville du ha gitt ein bakterie viss du skulle konstruere ein?
  • Ser du utviklingsmoglegheiter som det hastar med å ta i bruk, eller bør vi vente?

Relatert innhald

Fagstoff
Åndsverklov og opphavsrett

Vi lever i ein digital tidsalder der det er enkelt å kopiere åndsverk som andre har laga. Derfor er det viktig å kjenne til lover og reglar.

Skrive av Camilla Øvstebø, Kristin Bøhle og Eirik Farestveit Erstad.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2023