Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Helseeffektar av ikkje-ioniserande stråling

Verknader av ioniserande stråling på biologisk materiale er grundig dokumenterte og forklarte av forskarar. Men korleis påverkar mindre energirik stråling oss?

Stråling frå mobiltelefonar

Sidan mobiltelefonar har blitt ein så stor del av kvardagen vår, har ein forska mykje på moglege samanhengar mellom bruk av mobiltelefon og kreft i hjernen.

Folkehelseinstituttet kom med ei oppdatert kunnskapsoppsummering om dette i 2026. Oppsummeringa viser at det ikkje er dokumentert at svake, høgfrekvente elektromagnetiske felt frå mobiltelefonar gir helseskadar så lenge eksponeringa er under dei tilrådde grenseverdiane. Forskinga på feltet held likevel fram sidan mobilteknologien stadig endrar seg.

El-oversensibilitet?

Mange opplever symptom som hovudverk, trøyttleik eller hudplager og knyter desse symptoma til elektromagnetiske felt. Men forskarar har ikkje klart å dokumentere at slike symptom kjem av eksponering for svake elektromagnetiske felt frå mobiltelefonar, trådlause nettverk eller anna vanleg elektronisk utstyr.

Høgspentlinjer

Høgspentlinjer forårsakar lågfrekvente elektromagnetiske felt. Mange er urolege for at desse kan gi negative helseeffektar. Omfattande internasjonal forsking har ikkje dokumentert dette, bortsett frå ein mogleg auka risiko for leukemi hos barn som veks opp i bustader nær høgspentlinjer.

Det har også blitt hevda at elektromagnetiske felt frå høgspentlinjer kan forårsake spontanabortar og misdanningar, depresjon, sjølvmord, og «el-oversensibilitet» (hud- og augeproblem og hovudverk). Men det finst ikkje forsking som dokumenterer dette.

IR-stråling og synleg lys

Nokre typar ikkje-ioniserande stråling er skadelege for levande vev. Både infraraud stråling (varme) og synleg lys kan gi brannskadar dersom intensiteten blir høg nok, som når vi brenner oss på ein vedomn eller blir solbrende. Eit anna døme på dette er strålinga i ein mikrobølgeomn, som koker maten på kort tid.

Dagslyslamper og lysterapi

Det er mange positive effektar knytte til ikkje-ioniserande stråling. Synleg lys er jo noko vi blir utsette for heile tida, og som vi alle kjenner har ein positiv effekt på humøret!

I lysterapi dreg ein dette endå lenger. Ved å bruke dagslyslamper på rett tidspunkt av døgnet ønsker ein å stimulere døgnrytmen til å stemme betre med døgnets 24 timar. For mange er dagslyslamper til god hjelp i mørketida og kan hjelpe mot søvnproblem. I tillegg finst det forsking som viser at lysterapi kan ha ein positiv effekt på depresjon.

Sollys og vitamin D?

Vitamin D er viktig for skjelettet og bidreg til normal funksjon i kroppen. Forskarar har undersøkt om vitamin D også kan verne mot sjukdommar som kreft, diabetes og hjarte- og karsjukdommar, men resultata er ikkje eintydige. Forskarane er framleis usikre på kor stor tyding vitamin D har for desse sjukdommane.

Eit dilemma er at det er UV-B-delen av sollyset som sørger for produksjon av vitamin D. Det er nemleg dei same strålane som forårsakar hudkreft.

Tenk gjennom og diskuter

Søk opp informasjon frå fleire kjelder om eitt eller fleire av temaa over. Kan de finne motstridande informasjon? Klarer de å sortere ut kjelder som meir eller mindre truverdige? Grunngi!

Kjelder

Bugge, M. D., & Levy, F. E. S. (2025, 5. september). El-overfølsomhet. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/el-overfølsomhet

Folkehelseinstituttet. (2025, 25. juni). Vitamin D-mangel. Helsenorge.
https://www.helsenorge.no/sykdom/muskel-og-skjelett/vitamin-d-mangel/

Kreftforeningen. (u.å.). Stråling fra mobiltelefoner, sendemaster og trådløst nett. Hentet 21. september 2022 fra https://kreftforeningen.no/forebygging/straling-fra-mobiltelefoner-sendemaster-og-tradlost-nett/

Pham, T. A., & Eide, D. M. (2026). Svake radiofrekvente elektromagnetiske felt (100 kHz-300 GHz) og helseeffekter: En paraplyoversikt. Folkehelseinstituttet.
https://www.fhi.no/publ/2026/svake-radiofrekvente-elektromagnetiske-felt-100-khz---300-ghz-og-helseeffekter--en-paraplyoversikt/

Skrive av Astrid Johansen, Kristin Bøhle og Thomas Bedin.
Sist oppdatert 25.09.2026