Livsstilsløgner - Kvifor bit vi på kosthaldstrendar? - Naturfag (NA) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Livsstilsløgner

Skrive av Caroline Nesbø Baker, Thomas Bedin, Ragna Marie Tørdal, Marthe Johanne Moe, Karl Henrik Aanesen og Camilla Øvstebø.
Sist oppdatert 18.08.2022
Oppgåve

Kvifor bit vi på kosthaldstrendar?

Kjendisar, influensarar og andre sterke stemmer som florerer i sosiale medium, byter kosthald like ofte som dei byter vesker. Riktig kosthald er livsviktig for at kroppen din skal fungere optimalt, så korleis kan kosthald då vere ein trend?

Tenk – par – del

Tenk

Vurder påstandane frå sosiale medium under basert på kunnskapen du har om næringsstoff og kosthald, og gi ei grunngiving for vurderinga di.

Frukt er usunt fordi det inneheld mykje sukker.

Metta feitt er sunt.

Kroppen treng inntak av protein etter trening.

Brune karbohydrat er sunnare enn kvite.

Par: Diskuter påstandane over med ein annan

Del: Diskuter i klassen

  • Kva er ein kosthaldstrend?
  • Kvar kjem trendane frå?
  • Kvifor er vi så opne for å prøve nye kosthaldstrendar?
  • Riktig kosthald er livsviktig for at kroppen din skal fungere optimalt, så korleis kan kosthald då vere ein trend?

Bli samde om nokre kriterium som definerer riktig kosthald. Lag gjerne ein karakterskala.

Korleis skal vi forhalde oss til ulike diettar og kosthaldstrendane?

  1. Jobb saman to og to, og set dykk inn i ein av diettane eller kosthaldstrendane under.

    • lågkarbodiett
    • 5:2-dietten
    • raw food
    • vegetariansk eller vegansk kosthald
    • supermat
    • paleodiett/steinalderkost
    • detoxing/juicing
  2. Kafédebatt

    Ved kvart kafébord diskuterer de ein diett eller kosthaldstrend på bakgrunn av dei kriteria klassen definerte for riktig kosthald.

Tips til organisering

Organiser gjerne klasserommet som ein kafé der pultane står saman, for å danne mindre diskusjonsgrupper:

  • Fordel klassen slik at kvart kafébord har elevar med fordjuping i flest mogleg dietter og kosthaldstrendar.
  • Ved kvart kafébord er det éin diett eller kosthaldstrend som blir diskutert.
  • Kvart kafébord har ein vert med fordjuping i dietten eller kosthaldstrenden som blir diskutert ved dette bordet.
  • Verten innleier med ein kort introduksjon av trenden, har ansvar for å styre diskusjonen og noterer undervegs kva dei ulike gruppene kjem fram til.
  • Gruppene rullerer mellom kaféborda, medan kaféverten er stasjonert ved bordet sitt.

Tenk over kva du har lært

  1. Kvifor er det viktig å vere kritisk til det ein les?
  2. Korleis kan du bidra med å spreie informasjon om riktig kosthald?
  3. Trur du at du kjem til å prøve nokon nye diettar eller kosthaldstrendar? Grunngi svaret ditt.

Skrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2020