Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Jenners eksperiment – vitskapleg arbeidsmetode

I denne oppgåva skal du øve deg på å kjenne igjen stega i den vitskaplege arbeidsmetoden med utgangspunkt i utviklinga av den første vaksinen.

Sjukdommen koppar

Koppar var tidlegare ein frykta smittsam sjukdom. Dei som blei smitta, fekk væskefylte blemmer i huda. Dei fleste døydde. På 1700-talet døydde 45 millionar menneske berre i Europa.

Jenners vaksine mot koppar

Engelskmannen Edward Jenner (1749–1823) var den første legen som utførte vaksinasjon mot koppar. Mange hadde lagt merke til at budeier som stelte kyr, ikkje fekk koppar. Jenner fekk mistanke om at desse blei verna mot vanleg koppar ved å bli smitta av kukoppar.

Jenner prøvde ut aninga si ved å smitte naboguten med kukoppar. Etter ein kort sjukdomsperiode blei guten frisk. Då utsette Jenner guten for vanleg koppar og oppdaga at han ikkje blei sjuk. Den første vaksinen var eit faktum. I dag er koppar utrydda i heile verda.

Oppgåve: Hjelp Jenner

Under finn du ei beskriving av åtte steg i Jenner sitt arbeid med å utvikle ein vaksine mot koppar.

Jenner brukte den vitskaplege metoden då han jobba, men her har det blitt litt rot i systemet. Det han gjorde, står hulter til bulter, så du må prøve å sortere hendingane slik at dei kjem i rett rekkjefølgje.

Prøv deg fram. Det er ikkje sikkert du klarer det på første forsøk ...

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 05.08.2026