Oppgåve
Demoforsøk: Elefanttannkrem
Lag ei imponerande skumsøyle når hydrogenperoksid og kaliumjodid reagerer i ei såpeblanding.

Framgangsmåte

Oppsett for å lage elefanttannkrem
- Start med å måle ut kaliumjodid i begerglaset.
- Tilset vatn, og varm opp begerglaset mens du rører i væska for å løyse opp kaliumjodid.
- Mål ut hydrogenperoksid i erlenmeyerkolben/målekolben. Volum
treng ikkje vere nøyaktig. Ein hugseregel kan vere å fylle opp til slutten på avrundinga nedst på erlenmeyerkolben. - Tilset litt Zalo i kolben (ca. halvparten så mykje som hydrogenperoksid).
- Viss ein vil, kan ein tilsetje konditorfarge i tillegg. Når ein skal gjere demonstrasjonen, er det viktig å helle i kaliumjodiden så raskt som mogleg, og fjerne begerglaset så raskt som mogleg, slik at det ikkje står i vegen for skumsøyla som blir laga.
- Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.
Dette er en fantastisk fin demonstrasjon av gassutvikling. Han kan gjerast i ein stor balje eller vask, men må gjerast utandørs viss han gjerast i stor skala. Avpass mengda og konsentrasjonen på kjemikaliane til forholda.
Når ein gjer demonstrasjonen, er det viktig å bruke briller og frakk. Skummet som blir laga, set farge på klede.