Øvelse
Høyr deg sjølv – ioniserande stråling
Desse oppgåvene er tenkte som repetisjon og eigna til å teste kva du har lært om ioniserande stråling. Du finn forslag til fasit nedst på sida.

Marie Sklodowska Curie var ein fysikar som oppdaga dei radioaktive grunnstoffa polonium og radium saman med mannen sin, Pierre Curie.
- Kva vil det seie at eit grunnstoff er radioaktivt?
- Kvar i periodesystemet finn vi dei naturleg radioaktive grunnstoffa?
- Kva skjer med strålane frå eit radioaktivt stoff som blir sendt gjennom eit elektrisk felt?
- Kva slags stråling kjem det frå radioaktive stoff?
- Kva vil det seie at stråling er ioniserande?
- Korleis forklarer vi at det kjem elektron frå ein radioaktiv atomkjerne?
- Korleis kan vi ved forsøk vise at alfa-, beta- og gammastrålane har ulik gjennomtrengingsevne?
- Kva meiner vi med halveringstid for eit radioaktivt stoff?