Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk hjelpemiddel og velferdsteknologi

Bli kjend med kva som finst av hjelpemiddel og velferdsteknologi til bruk i yrka innan helse- og oppvekstfag, og hjelp ein brukar med å finne eit eigna hjelpemiddel.

Om oppgåvene

I denne ressursen skal de jobbe med ulike oppgåver som lar dykk utforske døme på teknologi som blir brukt i yrka innan helse- og oppvekstfag. De skal

  • diskutere kva ein meiner med hjelpemiddel og velferdsteknologi

  • bli kjende med døme på hjelpemiddel og velferdsteknologi

  • hjelpe ein tenkt brukar med å finne eit eigna hjelpemiddel

  • skrive ein søknad til Nav der de mellom anna presenterer hjelpemiddelet

  • vurdere korleis hjelpemiddelet bidreg til at vi når FNs berekraftsmål

  • gjennomføre eit møte med ein saksbehandlar i Nav som eit rollespel

Del 1. Kva er hjelpemiddel og velferdsteknologi?

Omgrepa hjelpemiddel og velferdsteknologi blir brukte litt om kvarandre. I denne oppgåva skal de diskutere kva desse omgrepa kan bety.

Ta utgangspunkt i desse forklaringane:

Et hjelpemiddel er en gjenstand eller et tiltak som bidrar til å redusere praktiske problemer for personer med nedsatt funksjonsevne (Nav, 2021).

Med velferdsteknologi menes først og fremst teknologisk assistanse som bidrar til økt trygghet, sikkerhet, sosial deltakelse, mobilitet og fysisk og kulturell aktivitet, og styrker den enkeltes evne til å klare seg selv i hverdagen til tross for sykdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsatt funksjonsevne (NOU 2011: 11).

  1. Bruk definisjonane til å finne likskapar mellom hjelpemiddel og velferdsteknologi. Er det nokon forskjell på hjelpemiddel og velferdsteknologi, tenker de? Forklar.

  2. Sjå filmen om Vetle og legg merke til korleis han bruker ulike typar hjelpemiddel og velferdsteknologi.

Video: film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

  1. Kva døme på hjelpemiddel og velferdsteknologi såg de i filmen?

  2. Korleis trur de kvardagen til Vetle hadde vore utan desse hjelpemidla?

  3. Kjenner de nokon som bruker hjelpemiddel eller velferdsteknologi? Kva slags hjelpemiddel og velferdsteknologi bruker dei?

Del 2. Møt Berit og Kader

No skal de få møte Berit og Kader. Dei er begge i ein situasjon der hjelpemiddel kan gi dei ein betre kvardag.

Berit (55), kundekonsulent

Berit vaks opp i ein røykfylt heim og har sjølv kost seg med ein røyk til kaffien i over 20 år. Ifølge ho sjølv kan det bli mykje kaffi! Berit elskar jobben som kundekonsulent i eit stort forsikringsselskap og vil jobbe til ho blir 70. Minst! "Dei må bere meg ut viss dei vil bli kvitt meg", humrar Berit.

Men då ho fekk kols for tre år sidan, måtte ho endre planane. Arbeidssituasjonen til Berit blir påverka av at ho blir stadig meir tungpusta. Sjølv daglege gjeremål som personleg hygiene og påkledning gjer at ho må kvile seg før ho har krefter til å lage frukost, så det er vanskeleg å rekke jobben i tide. Ho blir fortare sliten og ukonsentrert enn før, og fordi ho hostar mykje, er det utfordrande å snakke med kundar i telefonen. No gruer ho seg til vinteren, for då blir pusten endå dårlegare.

Kader (14), skuleelev

Kader har alltid vore ein aktiv gut, men etter ei bilulykke for to år sidan tok livet ei brå vending. Kader fekk skadar i ryggen som gjorde at han mista førleiken i begge beina. I dag er han avhengig av rullestol for å komme seg rundt.

Kader blir ofte sitjande heime åleine og game når kompisane syklar til basketbanen. Det er vanskeleg å komme seg dit, og han synest det er flautt å måtte be om hjelp. Han er frustrert og lei seg fordi han ikkje kan vere med på alle aktivitetane han dreiv med før ulykka.

Kader har alltid likt å spele basket og hadde ein draum om å bli proff. Men basket i rullestol? "Det kan eg sikkert berre gløyme", sukkar Kader.

Case

Lag dykkar eige case. Ta gjerne utgangspunkt i noko de har erfaring med frå praksis, eller situasjonar de kjenner til frå før.

Del 3. Finn hjelpemiddel til Berit eller Kader

Gå inn i rolla som fagarbeidarar og hjelp Berit eller Kader med å få oversikt over teknologi og hjelpemiddel som kan vere relevante for dei. Viss de manglar informasjon om situasjonen til Berit eller Kader, kan de anta noko.

Del 4. Heimebesøk

Ergoterapeuten i kommunen kjem på heimebesøk, og de får vere med når Berit/Kader og ergoterapeuten fyller ut søknad til Nav for å få eit hjelpemiddel.

I søknaden må de mellom anna grunngi kvifor dei treng hjelpemiddelet. De kan bruke dokumentasjonsverktøyet under når de skriv brevet.

De sender brevet til det lokale Nav-kontoret. Mens de ventar på svar, ser de nærare på korleis hjelpemiddelet heng saman med berekraft.

Del 5. Kor berekraftig er hjelpemiddelet?

Berekraftsmåla til FN kan brukast som rettesnor når politikarar skal gjere vedtak og administrasjonen skal forme ut tenester i kommunane. I denne oppgåva skal de undersøke korleis hjelpemiddelet de har valt, kan bidra til at vi når berekraftsmåla.

Tips!

For å få oversikt over kva som ligg i berekraft, og for å bli betre kjende med FNs berekraftsmål kan de gjennomføre aktiviteten "Slumpord med berekraftsmåla til FN".

Del 6. Møte med Nav – eit rollespel

Etter eit par veker får de ein telefon frå ein saksbehandlar i Nav. Hen har lese brevet de sende, og vil gjerne avtale eit møte for å diskutere saka nærare.

Fordel rollene:

  • Kader/Berit/annan brukar

  • ergoterapeuten/de

  • saksbehandlaren

Planlegg møtet

Førebu dykk på å spele rolla de har fått, ved å bruke det de har funne ut i oppgåvene over.

Brukaren og de/ergoterapeuten må førebu dykk på å grunngi behovet for hjelpemiddelet. Saksbehandlar førebur relevante spørsmål.

Gjennomfør møtet

Når de er klare, gjennomfører de møtet med saksbehandlaren i Nav som eit rollespel.

Den som har rolla som behandlar, har førebudd spørsmål som hen vil stille undervegs i møtet.

Lykke til med møtet!

Tips!

Gjennomføringa av møtet kan brukast som ei munnleg vurdering i naturfag og yrkesfagleg fordjuping.

Les gjerne artikkelen om vurdering av munnleg presentasjon.

Del 7. Oppsummering i klassen

Diskuter med andre i klassen:

  1. Korleis var det å spele dei ulike rollene?

  2. Kva fordelar og ulemper kan hjelpemiddel og velferdsteknologi gi

  • ulike grupper av brukarar?

  • deg som yrkesutøvar?

  • kommunen som leverandør av tenester?

  1. Kva erfaringar har de fått når de har jobba med desse oppgåvene, som de kan ta med dykk ut i praksis eller i eit framtidig yrke?

Kjelder

Nav. (2021, 6. september). Om hjelpemidler. https://www.nav.no/no/person/hjelpemidler/hjelpemidler-og-tilrettelegging/hjelpemidler/om-hjelpemidler/om-hjelpemidler

NOU 2011: 11. (2011). Innovasjon i omsorg. Helse- og omsorgsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2011-11/id646812/

Skrive av Thomas Bedin og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2022