Oppgåve
Livsstilsvanar hos norske ungdommar
Finn ut kva som definerer ein livsstil, og kva som er sunne livsstilsvanar. Korleis er livsstilsvanane hos norske ungdommar? Kjenne du deg igjen i desse? Kva konsekvensar har livsstilen for helsa di?

Tenk – par – del
Tenk: Kva er livsstil?
Par: Gå saman med ein annan, og formuler ein definisjon av omgrepet livsstil.
Del: Diskuter i klassen.
- Kva faktorar påverkar livsstilen din?
- Kva er ein sunn livsstil?
- Bli einige om nokre kriterium som definerer ein sunn livsstil.
Oppgåve 1: Casar om tre skuleelevar
Vurder livsstilen til dei tre skuleelevane Pia, Benjamin og Anders ut frå dei kriteria de har definert for ein sunn livsstil.
Oppgåve 2: Livsstilsvanar hos norsk ungdom
Studer livsstilsvanar hos norske ungdommar i alderen 16–24 år ved hjelp av statistikkbanken frå Statistisk sentralbyrå.
Velg årstal.
Velg dei levevanane du ønskjer å undersøkje.
Velg alder «16–24 år».
- Velg kjønn.
Korleis har livsstilsvanane knytte til
- mosjon endra seg?
- snus endra seg?
- kosthald (fisk, frukt/bær, kjøtt og grønsaker) endra seg?
- sukker (sukkerholdige drikker, søtsaker) endra seg?
- Kan du kjenne deg igjen i desse dataa? Samanlikn resultata med din eigen livsstil.
- Kva konsekvensar har livsstilen for helsa di?
- Kvifor synest mange det er vanskeleg å velje riktig når det gjeld livsstil og helse?


