Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Film

Demoforsøk: Lycopodiumdrage

Lag sprutande eld ved å blåse pulver av små partiklar inn i ein flamme.

Film: Lycopodiumdrage

Filmen (lengde 0:35) er utan lyd.

Film: Science Photo Library / CC BY-NC-SA 4.0

Utstyr

Liten versjon

  • lycopodium-pulver (kan erstattast med kaffisøting (Coffee Mate) eller liknande)
  • sugerøyr
  • flammekjelde (stearinlys, gassbrennar)

Stor versjon

  • lycopodium-pulver
  • hageslange
  • peistennar

Framgangsmåte

Liten versjon

  1. Fyll lycopodium-pulveret i sugerøyret.
  2. Blås pulveret gjennom sugerøyret på flammen.
    Kan også gjerast ved å ha lycopodium i handa og blåse inn i flammen.

Stor versjon

  1. Teip peistennaren fast i hageslangen slik at enden er nokre centimeter frå enden på hageslangen.
  2. Fyll litt lycopodiumpulver i hageslangen.
  3. Tenn peistennaren og blås pulveret gjennom slangen på flammen. Her kan det vere lurt å øve litt i forkant for å finne ut kor hardt du bør blåse for å få best mogleg effekt.

Tips!

Veldig morosamt eksperiment som passar for liten og for stor. Hugs briller!

Skrive av Bjørn Eidem.
Sist oppdatert 29.09.2026