Simuleringar - Naturfag (FD) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Simuleringar

Simuleringar og animasjonar er rørlege og interaktive modellar som er til god hjelp når vi skal jobbe med kompliserte samanhengar. Dei gjer det lettare å lære, og blir brukte til underhaldning, forsking, utvikling av prognosar, modellering av konstruksjonar og mykje meir.

Datasimuleringar til mange føremål

Eit dataspel er ei simulering laga for underhaldning og/eller læring. Andre simuleringar er laga for å produsere ting, studere samanhengar eller overvake prosessar. Grensene mellom dei forskjellige typane blir meir og meir utviska, og mange hevdar at læring i framtida i stor grad vil skje ved hjelp av spel.

Simuleringar til læring

Simuleringar blir brukte til læring i utdanning og til opplæring i industrien. Forsking viser at bruk av interaktivitetar og simuleringar gjer det lettare å lære. Dei kan gjere abstrakte og kompliserte fenomen meir konkrete og forståelege. Gode læringsbilete som er lette å hugse, kan fungere som «knaggar» til å hengje kunnskapen på.

Simuleringane kan ikkje erstatte praktisk erfaring frå verken laboratoriet, flycockpiten eller operasjonssalen, men er eit verdifullt tillegg som gir høve til å eksperimentere og repetere mange gonger utan ekstra kostnad eller risiko.

Simuleringar kan også gi deg høve til å teste ut fenomen på mikro- og makronivå, som du elles ikkje kan observere. I simuleringa under kan du endre temperatur og molekylmasse for å sjå korleis det påverkar molekylrørslene.

Vêrvarsel og andre prognosar

Vi har tilgang til detaljerte vêrvarsel på mange appar, TV-kanalar og på Internett. Fleire nettsider tilbyr skreddarsydde vêrvarsel for tallause stader i heile verda.

Detaljerte prognosar med temperatur, nedbør, sol, vind og skyer kan lagast takka vere røynsler frå observasjonar som er lagra og analysert over lang tid. Det same prinsippet blir brukt også når andre prognosar blir laga. Dataprogram simulerer kva som kjem til å skje, på bakgrunn av data frå tidlegare erfaringar og den informasjonen som blir mata inn. Det er lettare å oppfatte informasjon om vindstyrke og retning i ein animasjon enn same informasjonen gitt i tabellar, tekst og tale.

Simuleringar i industri, forsking og planlegging

Kva trur du brønnboring, aksjehandel, modellering, trafikkplanlegging og vêrvarsling har til felles? Her kan du sjå nokre eksempel på kva datasimuleringar blir brukte til.

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019