Krefter mellom partiklar
Korleis verkar krefter mellom partiklar i gassar, væsker og faste stoff?
Stoff kan vanlegvis vere i tre ulike tilstandar:
- fast form
- væske
- gass
(Det finst òg ein fjerde aggregattilstand, plasma, men den er du ikkje innom i denne aktiviteten.)
I denne aktiviteten skal du undersøke modellar av eit stoff ved ulike temperaturar.
Sjølve atoma (og molekyla) forandrar seg ikkje når temperaturen blir endra. Men kreftene mellom partiklane og kor mykje dei beveger seg, blir påverka av temperaturen.
Kva er ein partikkel?
Ein partikkel er ein liten lekam, som ein støvpartikkel eller liknande. I fysikken blir ordet partikkel brukt om atom, molekyl og elementærpartiklar (til dømes proton, nøytron og elektron). ("partikkel (fysikk)," 2024)
Gassar
- Klikk på avspelingsknappen for å sjå korleis atom i ein gass beveger seg.
Merk to atom. Legg merke til korleis atoma beveger seg i forhold til kvarandre.
Oppgåver

Beskriv rørsla til partiklane som er i gassform.
Biletet viser eit tilsynelatande tomt glas. Kvifor er det ikkje mogleg å lagre ei fast mengde gass i ein open behaldar som eit slikt glas?
Væsker
- Trykk på avspelingsknappen for å sjå korleis atom og andre partiklar beveger seg i ei væske.
- Merk to atom. Legg merke til korleis dei to atoma beveger seg i forhold til kvarandre.
Oppgåver

Beskriv korleis atoma beveger seg i ei væske. Korleis beveger to atom seg i forhold til kvarandre?
Biletet viser eit glas som er halvfullt med vatn.
Kvifor er alt vatnet samla nedst i glaset?
Fast form
- Klikk på avspelingsknappen for å sjå korleis atom beveger seg i eit stoff som er i fast form.
- Merk to atom. Legg merke til korleis atoma beveger seg i forhold til kvarandre.
Oppgåver
Beskriv korleis atoma beveger seg i stoff som er i fast form. Korleis beveger molekyla seg i forhold til kvarandre?
Biletet viser saltkrystallar.
Kvifor har salt i fast form ei bestemd form?
Kvifor blir ikkje forma endra?
Faseovergangar
Tilstanden eit stoff er i, blir bestemd av temperatur og tiltrekningskrefter mellom partiklane stoffet er bygd opp av.
Utforsk kva rolle temperatur og tiltrekkingskrefter mellom partiklar (Van der Waals-krefter) har på tilstanden til eit stoff.
Oppgåver
Korleis kan du avgjere om eit stoff er i fast form, væskeform eller i gassform? (Hint: Legg merke til korleis partiklane beveger seg i forhold til kvarandre i ulike tilstandar.)
Svar på spørsmåla.
Inga rørsle ved det absolutte nullpunktet
Dess meir atom og molekyl rører seg, dess større rørsleenergi har dei. Større rørsle gir høgare temperatur.
På kelvinskalaen er det absolutte nullpunktet. Dette svarer til . Ved denne temperaturen er atom og molekyl (teoretisk sett) heilt i ro.
Dette er ei omarbeidd utgåve av States of Matter frå Concord Consortium.