Tips til deg som skal ha eksamen i naturfag - Naturfag (EL) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Tips til deg som skal ha eksamen i naturfag

Å gjennomføre munnleg-praktisk eksamen er uvant, og det er naturleg å vere nervøs. Viss du førebur deg godt – på både faget og sjølve gjennomføringa – blir det lettare for deg å få vist fram det du kan.

Organisering

Når du skal opp til eksamen i naturfag, bør du først setje deg inn i korleis munnleg-praktisk eksamen i naturfag blir organisert ved skulen din. Her kan du lese om mellom anna kort og lang førebuingstid: Eksamensordning i naturfag for elevar og privatistar (ndla.no).

Praktisk innslag

Eksamenen i naturfag er munnleg-praktisk. Dette inneber at han òg skal ha eit praktisk innslag. I dei fleste tilfelle inneber dette at du skal gjere eit forsøk eller delar av eit forsøk, og på den måten vise sensor og eksaminator kva du kan.

Eit tips her er derfor å bruke tid på å gå gjennom elevforsøka du har gjort i løpet av året, både med tanke på å kople dei til teorikunnskapar og med tanke på den praktiske gjennomføringa av forsøket:

  • Kva gjorde de?
  • Kvifor gjorde de forsøket?
  • Kva fann de ut?
  • Var det nokon feilkjelder som hadde betydning for resultatet?

Naturfaglege tekstar

I den førebudde delen kan du få utdelt ein fagtekst. Oppgåva kan vere å svare på spørsmål knytte til teksten eller å vurdere han.

Her er nokre tips til kva du kan konsentrere deg om:

  • Kva handlar teksten om? Kva fortel han deg?
  • Noter viktige omgrep du støyter på. Kan du forklare desse?
  • Kva delar av læreplanen tek denne teksten for seg?
  • Sjå etter diagram og tabellar. Kva fortel dei?
  • Er det nokon etiske dilemma knytte til teksten?
  • Er det argument for eller imot noko?
  • Dersom teksten tek opp eit tema som er konfliktfylt, kva dreier diskusjonen seg om? Har du argument for eller imot?

Presentasjon

  • Legg vekt på å vise kva du kan. Det er viktigare at dette kjem tydeleg fram, enn at du viser kor teknisk god du er med hjelpemiddel. Ver nøye med å halde deg til tida du har til rådvelde. Gå gjennom presentasjonen din heime, og ta tida på deg sjølv. Då veit du omtrent kor lang tid framføringa tek.
  • Dersom oppgåva er så stor og open at du har valt å avgrense ho, er det viktig at du forklarer det i presentasjonen din.
  • Kva skal du snakke om? Hugs å halde deg til nettopp dette. Øv deg på å snakke tydeleg og roleg, slik at du får fram poenga dine. Det er dessutan viktig at du meistrar stoffet du presenterer. Etter presentasjonen vil du nemleg kunne få spørsmål om det du la fram.

Repetisjon

  • Gå gjennom læreplanen, og repeter sentralt fagstoff på dei områda du er mest usikker på. Du vil berre få spørsmål frå det læreplanen handlar om. Det kan vere lurt å bruke kompetansemåla i læreplanen som sjekkliste når du førebur deg. Bruk kjerneelement som hjelp for å sjå korleis kompetansemål heng saman. Viss du viser at du klarer å knyte saman ulike emne i naturfag, tyder det på høg måloppnåing.
  • Tren på å forklare fagleg innhald for ein medelev, eller snakk høgt med deg sjølv.
  • E-førelesingane gir deg oppsummeringar av så å seie alle temaa i læreplanen for naturfag gjennom lyd, bilete, animasjonar og oppsummeringsoppgåver. Desse eignar seg svært godt til repetisjon før eksamen.

Relatert innhald

Skrive av Kristin Bøhle og Monica Svorkmo-Lundberg.
Sist fagleg oppdatert 07.09.2021