Datalogging i naturfag - Naturfag (EL) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Datalogging i naturfag

Å kunne bruke digitale verktøy er éin av fem grunnleggjande ferdigheiter som passar utmerkt inn i naturfaget. Desse verktøya kan brukast til å samle inn data, dokumentere og illustrere rapportar både frå forsøk, feltarbeid og ulike prosjekt. Her ser vi nærare på moglegheiter som dataloggarar gir.

Kvifor digitale verktøy i naturfag?

Digitale verktøy og kompetanse i bruk av IKT tilfører naturfaga ekstra dimensjonar og opnar for nye og spanande eksperiment. Teknologien skal brukast som verktøy for å lære fag i samanhengar der det gir meirverdi. Læreplanen i naturfag seier dette om digitale ferdigheiter:

Digitale ferdigheter i naturfag er å bruke digitale verktøy til å utforske, registrere, gjøre beregninger, visualisere, dokumentere og publisere data fra egne og andres studier, forsøk og feltarbeid. Det innebærer også å bruke søkeverktøy, beherske søkestrategier og kritisk vurdere kilder og velge ut relevant informasjon om naturfaglige tema. Utviklingen av digitale ferdigheter i naturfag går fra å kunne bruke digitale verktøy til i økende grad å utvise selvstendighet og dømmekraft i valg og bruk av digitale kilder, verktøy, medier og informasjon. (Grunnleggende ferdigheter i naturfag, Udir.)

Datalogging

Datalogging er ein metode som gjer det mogleg å få mange korrekte målingar raskt. Loggaren kan registrere svært raske prosessar som ikkje kan målast manuelt. Du kan også programmere loggaren til å ta mange målingar over lengre tid utan at du treng å vere til stades, slik som filmen «Datalogging i feltarbeid» viser.

Nokre fordelar som datalogging kan gi

  • Rask automatisk datainnsamling
  • Pålitelege målingar
  • Registrering av langsame og raske endringar
  • Hjelp med å tilarbeide data
  • Grafar for å sjå korleis ting forandrar seg
  • Vising av endringar i sanntid
  • Moglegheiter for meir opne undersøkingar og eksperiment
  • Eit moderne naturfag
  • Bidrag til IKT-kompetanse

Datalogging er elektronisk registrering og lagring av data. Fleire sensorar kan brukast samtidig og kan for eksempel måle lys, temperatur, pH, oksygen og lyd.

Dataloggaren registrerer og lagrar informasjonen frå sensorane. Dei innsamla verdiane (målingane) kan du deretter overføre frå dataloggaren til ein datamaskin. På datamaskinen får du fram tabellar og grafar som kan tilarbeidast og tolkast. Dette blir demonstrert på slutten av filmen Datalogging i feltarbeid.

Datalogging på laboratoriet

Denne filmen viser korleis dataloggarar kan brukast i fleire typar forsøk på laboratoriet. Det eine forsøket er beskrive i Fotosyntese og celleanding – datalogging.

Datalogging. Video: Kristin Bøhle / CC BY-NC-SA 4.0

Fleire eksempel på forsøk

Hans Foosnæs ved Steinkjer vgs. har skrive ein artikkel om Datalogging i realfag og gir fleire eksempel på bruk av sensorar, loggeutstyr og programvare. Artikkelen tek føre seg desse temaa:

  • generelt om datalogging i realfaga
  • bruk av avstandssensor
  • bruk av kraftsensor
  • programvara datastudio og temperatursensorar
  • andre forsøk

Relatert innhald

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2019