Utforsking i handverk, design og produkutvikling - Naturfag (DT) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Utforsking i handverk, design og produkutvikling

I naturfag skal du utforske ei problemstilling knytt til handverk, design og produkutvikling. Lag ei problemstilling, gjer undersøkingar og presenter kva du har funne ut.

Finn ut saman kva de skal utforske

Det er vel mest spennande å utforske noko du eller de i klassen sjølv har lyst til å finne ut? Når de skal finne ei problemstilling sjølv, er det lurt å bruke god tid på å finne ut kva denne problemstillinga skal vere.

Slik kan du jobbe utforskande

Denne sida gir deg tips til korleis du kan kome i gang med utforsking, og korleis du kan leggje opp arbeidet.

Ta utgangspunkt i viktige tema i handverk, design og produktutvikling

Lag ei problemstilling som tek utgangspunkt i sentrale tema i handverk, design og produkutvikling, men der du treng kunnskapar og ferdigheiter frå naturfag:

  • Undersøk og vurder livsløpet til ulike produkt i eit berekraftsperspektiv.
  • Utforsk berekraftige alternativ til materiale og prosessar som er mykje brukte.
  • Korleis kan teknologi bidra til å redusere klima- og miljøbelastningar?
  • Kjenner du til problemområde eller utfordrande oppgåver/operasjonar i det framtidige yrket ditt? Kanskje du kan arbeide med forslag til løysingar som kan forbetre eller forenkle situasjonen/arbeidsprosessen?

Forslag til utforskingsoppgåver

Samarbeid med bedrifter eller kommunen

Å utforske med utgangspunkt i eit oppdrag kan vere motiverande. Ta kontakt med lokale bedrifter eller kommunen. Kanskje dei treng hjelp til å finne ut noko?

På sida til Lektor 2 Naturfagsenteret finn de mange døme på oppdrag, både frå offentlege verksemder og private bedrifter. Oppdraga kan brukast som dei er, eller som inspirasjon til å lage eigne oppdrag. Ta kontakt med lokale aktørar. Kanskje de kan få til eit samarbeid?

Lag oppdrag sjølv

Viss de ikkje får nokon utanfor skulen til å gi dykk oppdrag, kan de lage oppdrag til kvarandre. La nokon ta rolla til leiinga i ei bedrift. Desse lagar eit oppdrag som andre i klassen skal løyse. Legg opp dette så realistisk som mogleg, med oppdragsbrev, møte med rapportering undervegs i prosessen og ein sluttpresentasjon når utforskinga er avslutta.

Opplegg på NDLA

I dette emnet ligg nokre forslag til opplegg. De kan bruke dei som dei er, eller lage ei eiga vinkling på dei.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 06.10.2020