Kva er teknologi? - Definer omgrepet teknologi - Naturfag (DT) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kva er teknologi?

Oppgåve

Definer omgrepet teknologi

Teknologi er eit ord vi bruker ofte, kanskje utan å tenke over kva det betyr. I denne oppgåva skal de undersøke ordet nærare og prøve å lage dykkar eigen definisjon.

Oppgåve 1. Sjå filmen

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Etter at du har sett filmen, skriv ned: Kva kjenneteiknar ein god definisjon?

Oppgåve 2.

  1. Åleine: Bruk tre minutt på å prøve å formulere din eigen definisjon av omgrepet «teknologi».

  2. Saman med andre: Sett dykk saman og les opp definisjonane de har laga for kvarandre. Diskuter dykk fram til ein felles definisjon som alle er einige i. Bruk kriteria for ein god definisjon frå filmen over.

  3. Skriv den definisjonen gruppa har vorte einige om, på tavla.

  4. Diskuter i fellesskap:

  • Er det nokon ord som går igjen? Er dette sjølve essensen av kva teknologi er?

  • Er nokon av definisjonane for vide?

  • Er nokon for snevre?

  • Kva ser ut til å vere dei største problema knytte til det å definere teknologi?

Oppgåve 3.

Bruk definisjonen de kom fram til og vurder gjenstandane under på nytt: Kva gjenstandar passar til definisjonen dykkar på kva teknologi er?

Diskuter om de må gjere fleire endringar på definisjonen.

Oppgåve 4. Andre definisjonar på teknologi

  1. Finn nokre definisjonar av teknologi på nettet.

  2. Er desse definisjonane like? Kva er forskjellen på dei?

  3. Samanlikn definisjonen dykkar med dei de fann på nettet. Peik på likskapar og forskjellar.

  4. Diskuter moglege forklaringar på det de har funne ut i b) og c).

Oppgåve 5. Dette ville eg funne opp!

Kva teknologi ville du funne opp? Korleis kunne denne teknologien vore nyttig for deg og andre?

  1. La alle få litt tid til å tenke seg om og lage ei formulering som dette:
    Eg ville funne opp ...... fordi det ville ...................

  2. La alle få lese opp setninga si etter tur.

  3. Diskuter om det er mogleg å lage oppfinningane dykkar med teknologi som finst i dag. Kva avgrensingar finst?

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022