Forsøk: Påvising av karbohydrat - Naturfag (DT) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Påvising av karbohydrat

I dette forsøket skal du lære korleis du kan påvise ulike typar karbohydrat. Deretter skal du bruke dette til å undersøke kva karbohydrat som finst i utvalde matvarer.

Teori

Karbohydrat er ei viktig kjelde til energi for kroppen vår og finst i matvarer som brød, ris, pasta, frukt og grønsaker. Vi kan dele inn karbohydrat i tre hovudgrupper:

  • monosakkarid

  • disakkarid

  • polysakkarid

Monosakkarid er enkle sukkerartar som glukose (druesukker) og fruktose (fruktsukker), mens disakkarid består av to monosakkarid som er bundne saman kjemisk. Sukrose (sukker) og laktose (mjølkesukker) er døme på disakkarid. Polysakkarid er lange kjeder av monosakkarid. Døme på polysakkarid er stivelse, glykogen og cellulose.

Utstyr

Oppskrifter på reagens

Jodløysning

Stamløysning, 1 %

Løys 1 g I2(s) og 2 g KI (s) i 100 mL vatn.

Løysning for å teste matvarer, 0,2 %

Ta 10 mL av stamløysningen på 1 %, og fortynn til 50 mL med vatn.

Fehlings reagens

Lag Fehlings reagens ved å blande Fehlings A og Fehlings B i forholdet 1:1. Fehlings A og Fehlings B kan du kjøpe gjennom firma som sel labutstyr.

Benedicts løysning

For å lage 1 liter løysning veg du opp

  • 17,3 g kobbar(II)sulfat

  • 173 g natriumsitrat

  • 100 g vassfritt natriumkarbonat eller 270 g Na2CO3 * 10H20

og løyser opp i vatn og fortynner til 1 liter.

Benedicts løysning har lengre haldbarheit enn Fehlings løysning, som må lagast ny kvar gong testen skal brukast.

Framgangsmåte

Del 1: Forprøvar

I denne delen av forsøket skal du bli kjend med korleis to ulike stoff kan brukast til å påvise ulike typar karbohydrat. Det du finn ut, skal du bruke til å påvise ulike typar karbohydrat i del 2 av forsøket.

Jodløysning

  1. Overfør litt glukose, fruktose, laktose, sukrose og stivelse til kvart sitt reagensrøyr og løys opp i litt vatn.

  2. Tilset nokre dropar jodløysning til kvart av reagensrøyra.

  3. Observer eventuelle fargeendringar.

Fehlings reagens eller Benedicts løysning

  1. Overfør litt glukose, fruktose, laktose, sukrose og stivelse til kvart sitt reagensrøyr, og løys opp i litt vatn.

  2. Tilset nokre dropar Fehlings reagens eller Benedicts løysning til kvart av reagensrøyra i 1.

  3. Varm opp reagensrøyra i eit vassbad i nokre minutt. Observer fargeendringane.


Oppsummering av forprøvar

Gjer desse oppgåvene for å få ei oppsummering av kva du har funne ut så langt.

Del 2. Undersøk ulike matvarer

I denne delen av forsøket skal du finne ut kva typar karbohydrat som finst i utvalde matvarer.

  1. Før du startar med analysane, må du gjere klar matvareprøvene.

    1. Viss matvarene er faste: Kutt opp ei lita mengde av kvar matvare, mos dei og plasser dei i kvar sine reagensrøyr. Løys i litt vatn.

    2. Viss matvarene er flytande/løysningar, kan dei overførast til reagensrøyr og brukast som dei er. Merk reagensrøyra slik at du veit kva matvarer du har i kva reagensrøyr.

  2. Tilset nokre dropar jodløysning i kvart reagensrøyr.

  3. Gjer klar nye reagensrøyr som i 1.

  4. Tilset nokre dropar Fehlings reagens / Benedicts løysning i kvart reagensrøyr.

  5. Varm opp reagensrøyra i eit vassbad i nokre minutt for å framskunde reaksjonen.

Resultat

Lag ei oversikt over kva karbohydrat dei ulike matvarene inneheld.

Spørsmål

  1. Kva er forskjellen mellom monosakkarid, disakkarid og polysakkarid?

  2. Kva er forskjellen mellom stivelse og cellulose?

  3. Kva skjer når karbohydrat blir brotne ned i kroppen?

  4. Kvifor er karbohydrat viktig for kroppen?

Kjelder

Universitetet i Oslo. (2017). Oppskrifter og merking i matkjemi. https://www.mn.uio.no/kjemi/forskning/grupper/skole/kurs/tidligere-kurs/2017/matkjemi-27042017/oppskrifter-merking-matkjemi.pdf

Universitetet i Oslo. (u.å.). Påvisning av reduserende sukker. Henta 20. august 2024 frå https://www.mn.uio.no/kjemi/forskning/grupper/skole/ressurser/kjemipaboks/enkelt-ovelser/pavisning-av-reduserende-sukker.pdf

VilVite. (u.å.). Karbohydrater. Henta 20. august 2024 frå https://www.vilvite.no/eksperimenter/karbohydrater

Relatert innhald

Fagstoff
Karbohydrat

Karbohydrat er ei hovudgruppe næringsstoff som gir mykje energi. Det er mykje karbohydrat i matvarer frå planteriket.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 23.08.2024