Oppgåve
Film
Forsøk: Overflatebehandling av metall
Diskuter kva rust og korrosjon er. Undersøk korleis vi kan overflatebehandle metall, og finn ut kva effekt overflatebehandlinga har.
Film: Overflatebehandling
Sjå filmen (lengde 4:51) og diskuter etterpå.
Overflatebehandling. Film: Kunnskapsfilm / CC BY-NC-ND 4.0
Diskuter
- Er rust og korrosjon det same?
- Kvifor blir det danna rust?
- Blir det danna rust på alle typar metall?
- Er rust det same som eir?
Planlegg eit forsøk
Planlegg eit forsøk der de skal vise korleis overflatebehandling påverkar om eit metall rustar, og kor raskt prosessen skjer.
Undersøk korleis ulike typar overflatebehandlingar kan motverke korrosjon på ulike metall og legeringar.
Gjer forsøk der de overflatebehandlar metall ved å bruke ein eller fleire av metodane under:
Metallisering/galvanisering/elektropletting
- Puss og reins gjenstanden som skal behandlast.
- Fyll eit begerglas med ei løysning som inneheld metalliona til det metallet de vil dekkje gjenstanden med. Viss de til dømes vil dekkje gjenstanden med kopar, må de bruke ei løysning med kobberioner.
- Fest ei leidning med krokodilleklemme til gjenstanden, og kople leidninga til den negative utgangen på ei spenningskjelde.
- Kople ei leidning med ein karbon-elektrode til den positive utgangen på spenningskjelda.
- Senk både gjenstanden og karbon-elektroden ned i løysninga i begerglaset utan at dei kjem borti kvarandre.
- Still inn spenninga på 3 V. Prøv dykk litt fram for å finne passande spenning.
Avslutt når gjenstanden har fått eit belegg med ønskt tjukkleik.
Lakkering og måling
- Avfeitt og reingjer overflata på den gjenstanden som skal målast.
- Ha på grunning.
Ha på måling.
Eloksering/anodisering av aluminium
- Bruk ein gjenstand av aluminium og puss han.
- Fyll eit begerglas med 2 M svovelsyre.
- Kople aluminiumsgjenstanden til den positive inngangen på ei spenningskjelde. Dette er anoden.
- Bruk bly eller aluminium som negativ elektrode, og fest han til den negative inngangen på spenningskjelda.
- Still inn spenninga på 3 V, og skru på spenningskjelda.
- Avslutt når de har oppnådd ønskt effekt.
Tips!
Ta bilete undervegs i arbeidet. For å dokumentere endring over tid kan det vere fint å bruke timelapsefunksjonen på ein mobiltelefon eller eit kamera.
Rapport
Lag ein rapport eller ein presentasjon der de får fram korleis ulike overflatebehandlingar vernar ulike metall og legeringar.