Feitt
Den energien cellene ikkje bruker, lagrar dei som mellom anna feitt. I tillegg verkar feitt isolerande. Feittstoff er òg byggesteinar i hormon og ein viktig innhaldsdel i cellemembranen.
Feitt høyrer til ei gruppe stoff som blir kalla lipid. Andre stoff i denne gruppa er voks, oljar, steroid og fosfolipid.
Det meste av feittet finst i form av såkalla triglyserid – stoff der alkoholen glyserol og tre feittsyrer er bundne saman. Vanlegvis er det ulike feittsyrer i eitt feittmolekyl. Sidan mykje feitt er sett saman av lange karbonkjeder, er feitt lite løyseleg i vatn. Feitt er upolart, mens vatn er polart.
Vi kan dele feitt inn i to hovudgrupper:
- metta feitt
- umetta feitt
Metta feittsyrer – mest i kjøtt frå landdyr
Feittsyrer med berre enkeltbindingar mellom karbonatoma er metta feittsyrer. Dei inngår i metta feitt. Vi finn metta feitt i kjøtt og kjøttprodukt. I planteriket er det mykje metta feitt i kokosnøtter og litt i avokado.
Produkt som inneheld mykje metta feitt, er gjerne faste ved romtemperatur.
Umetta feittsyrer – feitt frå plantar og fisk
Feittsyrer med éi eller fleire dobbeltbindingar i kjedene er umetta feittsyrer. Dei inngår i umetta og fleirumetta feitt.
I plantar finn vi umetta feitt som opplagsnæring i frø og frukter. Plantefeittet som inneheld mest umetta feitt, blir gjerne vunne ut til matoljar som soyaolje, maisolje og olivenolje. I tillegg inneheld fisk mykje fleirumetta feitt.
Fleire av dei umetta feittsyrene er essensielle (livsnødvendige) feittsyrer. Det er feittsyrer som kroppen ikkje sjølv kan lage, og som vi derfor må få tilført gjennom mat.
Omega-3 og omega-6 er grupper med fleirumetta feittsyrer som vernar mot hjarte- og karsjukdommar ved å motverke blodpropp. Dei finst i feit fisk som makrell, sild, laks og aure, og i planteoljar som raps og soya.
For å gi flytande feitt ein fastare konsistens kan vi "herde" feittet. Då får vi hydrogen til å reagere med dobbeltbindingar i feittsyrene, slik at feittet blir meir metta og får ein tjukkare konsistens. Under herdeprosessen kan det danne seg såkalla transfeittsyrer. Dette er umetta feittsyrer som er fastare og har ei anna molekylform enn dei naturleg umetta feittsyrene.
Tidlegare blei transfeitt brukt i margarin, men dette har ein gått vekk frå. Framleis blir det brukt transfeitt i pommes frites, kjeks og kaker.
Transfeittsyrer har negativ verknad på samansetjinga av feittstoffet kolesterol i blodet og aukar risikoen for hjarte- og karsjukdommar. Trans betyr over eller på den andre sida. I transfeittsyrer er karbonkjedene festa på kvar si side av dobbeltbindinga. Dette gir eit rettare molekyl enn om kjedene er festa på same side, slik som i dei såkalla cis-feittsyrene.