Øvelse
Oppsummerande oppgåver om energi og berekraft
Desse oppgåvene tek for seg hovudpunkta i emnet Energi og berekraft.
Lag par ved å finne biletet og ordet som høyrer saman.
- Finn forklaringar på orda i oppgåva over.
- Er det nokon av orda som er viktige i det som skal bli yrket ditt?
- Forklar kva måte orda er viktige på, og kvifor dei eventuelt ikkje er det.
- Kva meiner vi med ein energiovergang?
- Kva energiovergangar kan du finne i biletet?
- Kva meiner vi med ei energikjede?
- Ta utgangspunkt i biletet, og lag energikjeder med ulik lengd.
- Kva slags form har energien når du ikkje får energikjeda til å halde fram eitt trinn til?
Bruk det du kom fram til i oppgåve 6, og lag ei oversikt over fordelar og ulemper ved plusshus, passivhus og nullhus.
- Kva meiner vi med verknadsgrad?
- Verknadsgrada i eit solcellepanel kan vere 25 %. Kva betyr dette?
- Kva er ei energikjede? Gi døme.
- Kva er termisk energi?
- Kvifor vel ein ikkje alltid den innretninga som har høgast verknadsgrad?
- Kva meiner vi med kjemisk lagring av energi? Gi døme på ulike måtar å lagre energi kjemisk på.
- Kva fordelar og ulemper er det ved ulike typar kjemisk lagring?
- Kva meiner vi med mekanisk lagring av energi? Gi døme på ulike situasjonar der vi bruker mekanisk lagring.
- Kva fordelar og ulemper er det ved ulike typar kjemisk lagring?
- Gi døme på energisparande tiltak vi kan setje i verk i ein bustad.
- Kva faktorar bør vi vurdere viss vi skal velje ei energiløysing som er mest mogleg berekraftig?