Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Kompositt

Oppgåve

Forsøk: Undersøk styrken til kompositt

Lag dykkar eigne komposittmateriale, og undersøk kor sterke dei er. Test ulike materiale, og finn ut kva som eignar seg best. Kven lagar det sterkaste komposittematerialet?

Hensikt

I dette forsøket skal de utforske eigenskapar til komposittmateriale, ein type materiale der to eller fleire materiale blir sette saman til eit nytt materiale som har andre eigenskapar. Som utgangsmateriale bruker vi det vi har tilgjengeleg på naturfaglaboratoriet.

Utstyr

  • lamineringsmaskin

  • plastark for laminering

  • stor saks eller holemaskin

  • ulike materiale som blir laminerte inne i plastarka:

    • papir

    • bomull

    • tynn ståltråd

    • ulltråd

    • magnesiumtråd

    • sukker

    • andre materiale som er tilgjengelege

Framgangsmåte

  1. Lag fem ulike kompositt av materiale de har tilgjengeleg.

  2. Lag hypotesar til problemstillinga: Kva kombinasjonar av materiale vil bli det sterkaste komposittet? Sorter kompositta frå svakast til sterkast.

  3. Legg materiala i lamineringsark, og køyr dei gjennom lamineringsmaskina.

  1. Sjekk styrken til dei ulike kompositta de har laga. Til dette kan de bruke saks eller holemaskin. Vurder kor mykje kraft de må bruke for å klippe dykk gjennom eller lage hol i dei ulike komposittmateriala.

  2. Kva feilkjelder er det lurt å ha tenkt gjennom før klippinga startar? Diskuter.

Resultat og spørsmål

  1. Lag ei framstilling av resultata.

  2. Avgjer om hypotesane de laga, stemde.

  3. Diskuter resultata og aktuelle feilkjelder.

  4. Kva andre måtar kan vi bruke for å vurdere styrken til kompositt?

  5. I dette forsøket undersøkte de styrken til kompositt. Kva for nokre andre eigenskapar enn styrke kan det vere ønskeleg at komposittmateriale har?

  6. Gi døme på komposittmateriale som blir brukt

    • til dagleg

    • på teknikk og industriell produksjon

  7. Foreslå kva de kan gjere for å forbetre eigenskapane til kompositta de har laga. Kan de bruke materiala de har, til å lage kompositt som består av fleire enn to materiale?

Relatert innhald

Kompositt

Kompositt er dei materiala vi får no vi kombinerer to eller fleire ulike materiale og får eit nytt.

Skrive av Hildegunn Moland.
Sist oppdatert 16.02.2024