Oppgåve
Forsøk: Samanlikn ulike typar mineralull
Undersøk eigenskapane til mineralull, og samanlikn ulike typar.

Mineralull blir laga av stein eller glas
Mineralull er ei samlenemning for ein type materiale som blir brukt som isolasjon i bygningar. Ulla er laga av anten stein (steinull) eller glas (glasvatt).
Føremål
Undersøk eigenskapar til dei to typane mineralull:
- steinull
- glasvatt
Framgangsmåte og resultat
Del 1. Eigenskapar til steinull og glasvatt
Undersøk og samanlikn nokre eigenskapar til steinull og glasvatt. Aktuelle eigenskapar kan vere:
- struktur
- tettleik
- absorpsjon av vatn
- isolasjonsevne
- brennbarheit
- evne til å dempe vibrasjon
Del 2. Samanlikn steinull og glasvatt
- Lag hypotesar om dei ulike typane mineralull.
- Legg ein plan for korleis de vil undersøkje om hypotesane stemmer, og gjer undersøkingar.
- Gjennomfør planen.
- Presenter det de kjem fram til, på ein oversiktleg måte.